Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det regionale samarbeidsorganet mellom Universitetet i Bergen og Helse Vest har fordelt 68 millionar forskingskroner i regionen.
Forskingsaktiviteten i Helse Vest har auka drastisk, og difor får den medisinske forskinga på Vestlandet ein større del av forskingsmidla frå Helsedepartementet. I fjor fordelte samarbeidsorganet 55 millionar kroner, i år var det 68 millionar til utdeling. Talet på søknader har auka med 45 % frå i fjor, heiter det i pressemeldinga frå Helse Vest.
Av 271 søknader om prosjektmidlar, får 132 prosjekt støtte. Pengane går til forskingsprosjekt i helseføretaka i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Særleg psykiatrien kjem godt ut: Det kom inn dobbelt så mange søknader til prosjekt i psykiatrien i år som i fjor, og 14 % av forskingsmidla går til slike prosjekt.
35 av prosjekta er nye doktorgrads- og postdoktorstipend. I tillegg blir 27 stipend vidareført frå i fjor. Alle søknadene er gjennomgått og vurdert av ein komité sett saman av representantar frå Universitetet i Bergen og helseføretaka, under leiing av Kirsti Ytrehus frå Universitetet i Tromsø.
Forskingsaktiviteten i Helse Vest har auka med over 40 % etter at staten tok over ansvaret for sjukehusdrifta, viser ei måling utført av Helsedepartementet. Frå 1. januar vil det komande Universitetet i Stavanger også få plass i samarbeidsorganet. Samstundes har styret i Helse Stavanger vedteke at Sentralsjukehuset i Rogaland skal endre namn til Stavanger Universitetssjukehus frå same dato, nettopp på grunn av auka forskingsaktivitet ved sjukehuset, melder nettsida til Tidsskrift for Den norske lægeforening.