Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor emeritus Egil Pettersen gjekk nyleg bort bort 88 år gammal. Kollegaer og medarbeidarar ved UiB minnest Pettersen i takksemd.
Professor emeritus Egil Pettersen døydde 27. november 2010. Han vart 88 år gammal. Dei seinaste åra var ikkje helsa hans så god, men Pettersen hadde ein sterk livsvilje og kom seg til att gong på gong. Han budde heime til det siste, godt hjelpt av kona Unni og resten av familien. Pettersen hadde eit svært aktivt tilvære i pensjonisttida. Han var lenge oppteken med faglege gjeremål, og han var ivrig deltakar i ymse organisasjonar, især i fråhaldsrørsla. Egil Pettersen hadde ein lang arbeidsdag på universitetet, og han var ein avhalden medarbeidar på Nordisk institutt. Han hadde eit mildt og stillfarande vesen, og han yppa aldri til strid. Kvar veke møttest han og medarbeidarane på avdelinga til eit lunsjmøte på kontoret hans. Der kunne vi i felleskap drøfta opplegg for undervisning og eksamen og slikt som galdt forskingsarbeidet. Pettersen var aldri trå å be om råd, og han gav god rettleiing når han vart beden om å sjå gjennom utkast til faglege arbeid. Han tok ikkje motet frå nokon, men kom med skjønsame merknader som hjelpte ein vidare.Pettersen hadde mykje undervisning, og han var ein omtykt lærar. Førelesingane var godt førebudde, dei var systematisk disponerte og han kunne ofte byggja på eiga forsking. Pettersen var flink til å dra studentane med til aktiv medverknad i timane. Egil Pettersen vart fast tilsett ved Nordisk institutt 1958, og vart professor i nordisk språkvitskap 1971. Pettersen gjekk av i 1989. Han fekk såleis følgja med i den store utviklinga som skjedde på universitetet desse åra, frå det tronge tilværet i villaen i Allégaten til dei romsame bygga på Sydneshaugen og den sterke auken i talet på nordiskstudentar. Mykje av forskinga til Pettersen gjeld nordisk språk i eldre tider. Eit svært arbeid la Pettersen ned i å granska språket i dei gamle diploma (breva) som kunne knytast til det vestnorske området. Vektige avhandlingar dekkjer språkbruken i tida 1450–1550 med eit språktilfang som syner ein stor variasjon på så mange område. Eit tillegg til desse avhandlingane om vestnorsk er ei bok som greier ut om namneskikken i den same perioden. Ei tekstutgåve av Hamarkrøniken førde Pettersen inn i språket i reformasjonstida, og han sette seg godt inn i eit seinare hundreår gjennom ei tekstutgåve av Dorothe Engelbretsdatter. Pettersen var oppvaksen i det særmerkte bustadområdet på Stølen, og han var godt inne i bergensdialekten, som han opp gjennom åra skreiv mykje om. Han sette òg i gang eit forskingsprosjekt som skulle syna korleis ungdomsspråket i Bergen var i åra kring 1980. Ei fin gåve til alle som interesserte seg for bergensmålet, er to bøker som han gav ut etter at han vart pensjonist: ei bergensk ordbok og ei historisk framstilling av bergensk frå dei eldste tider og fram til vår tid. Der har han mynta ut si innsikt og sin kunnskap om bymålet i Bergen. Bøkene er fine vitnemål om korleis bymålet har levt og lever, og kva det har formidla av kulturelle verdiar opp gjennom tidene Pettersen fekk nytte av sin språklege kompetanse gjennom arbeidet i Norsk språkråd, der han var med frå 1972 til 1991. Han var heile tida medlem av fagnemnda som hadde ansvaret for normeringssakene, og han var lenge leiar av bokmålsseksjonen der. Pettersen var i åra 1973–79 medlem av Humanistisk fagråd i Noregs almennvitskaplege forskingsråd. Han var innvald medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. Det er i takksemd at kollegaer og medarbeidarar på Universitetet i Bergen minnest Egil Pettersen. Jarle Bondevik, på vegner av vener og tilsette ved det gamle Nordisk institutt