Minneord for Kurt Rydland

Vener og kolleger ved Engelsk institutt har skreve minneord for professor Kurt Rydland som døydde 19. desember.

Når vi samlast til nytt semester ved Engelsk institutt, er professor Kurt Rydland ikkje lenger mellom oss. Han døydde 19. desember etter å ha vore sjukmeldt knapt eit års tid.

Kurt Rydland var fødd i 1942 og vaks opp på Seim i Nordhordland. Som så mange andre gåverike bygdeungdomar tok han artium ved Hordaland fylkeskommunale gymnas. Han var cand. philol. med engelsk hovudfag frå Universitetet i Bergen og har vore tilsett ved Engelsk institutt sidan 1969, fyrst som vitskapleg assistent, deretter som forskingsstipendiat (NAVF) og universitetsstipendiat 1972-76. Han var tilsett som universitetslektor/førstelektor 1977-1992, og frå 1993 var han professor. Hans fagfelt var engelsk språk med hovudvekt på engelsk dialektologi og fonetikk.

Kurt Rydland var ein klartenkt og systematisk forskar, ein god pedagog og ein dyktig administrator. Doktoravhandling hans, Vowel systems and lexical-phonemic patterns in South-East Cumbria. A study in structural dialectology, er eit standard referanseverk og eit pionerarbeid når det gjeld metode. I sitt hovudverk The Orton Corpus. A Dictionary of Northumbrian Pronunciation 1928-1939 framstår han som ein absolutt kapasitet innan studiet av nordengelske dialektar, og har sett solide spor etter seg også internasjonalt. Fagleg breidd synte han til dømes i sitt arbeid om variantformer i Chaucer’s Canterbury Tales. Han hadde fleire lengre forskingsopphald i utlandet, og var alltid positiv i sin omtale av andre forskarar.

Kurt Rydland var ein kunnskapsrik vitskapsmann med stor evne til å formidla kunnskapen på ein klar, velformulert og interessevekkjande måte. Dei som var så heldige å ha han som lærar og rettleiar visste å setja pris på han som pedagog. Førelesingane og seminara hans var alltid gjennomarbeidde, velstrukturerte og relevante, og vanskeleg fagstoff vart presentert både med solid fagleg autoritet og humor. Noverande studentar nyt godt av hans læremidlar: ei rekkje kompendiar utarbeidde for ulike trinn av engelskfaget ved Universitetet i Bergen, som utmerker seg ved si uvanleg klare og pedagogiske framstilling. Kurt Rydland hadde stor omsorg for sine studentar både fagleg og personleg, og hadde studentrettleiing så lenge kreftene tillet det.

Kurt Rydland var også ein framifrå administrator. Han har vore medlem av rådet for det Historisk-filosofiske fakultet i fleire periodar og har delteke i fleire fakultetsutval. Ved Engelsk institutt har han vore styrar, og vore medlem av ei rekkje utval og komitear. Med sin store kunnskap, sin klare tankegang og sine presise formuleringar, og ikkje minst sin faglege og personlege integritet, hadde han evne og autoritet til å skjera gjennom der andre villa seg bort i intrikate detaljar og urealistiske framlegg. Kurt Rydland hadde klare meiningar, men pressa dei aldri på sine kolleger, og hadde ei sjeldan evne til å skilja sak og person.

Kurt Rydland var ein heilhuga fagperson som nytta tida godt til arbeid med faget og spesialfeltet sitt, men han var også sosial på ein open og tillitvekkjande måte. Han hadde ein lun sans for humor og sette stor pris på samvær i festleg lag. Som kollega var han raus med råd og dåd når nokon bad han om det og gløymde ikkje å gi ros og oppmuntring i den akademiske kvardagen. Kurt Rydland vil bli sårt sakna både som fagperson, kollega og ven, og vi vil minnast han med glede og takksemd.

Vener og kolleger
ved Engelsk institutt
Universitetet i Bergen

Powered by Labrador CMS