Minneord: Jon Erik Hagen

Jon Erik Hagen gjekk bort 12. mai til stor sorg for kollegaer ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier.

Vår gode kollega Jon Erik gjekk frå oss laurdag 12. mai og vart gravlagd frå Meland kyrkje tysdag 22. mai.Det var mange år for tidleg – han stod midt oppe i krevjande arbeidsoppgåver og ein periode med sterk vokster for faget sitt då han vart sjuk i fjor, og han hadde slett ikkje lyst til å forlata faget sitt, kollegaene og studentane. Han er sårt sakna, som det lojale, fargerike og skarpskodde mennesket han var.

Jon Erik var fødd 5. mai 1948. Han tok til å studera nordisk for vel 40 år sidan, og i 1977 tok han magistergraden i nordisk språkvitskap på avhandlinga Norske injektsetninger. En generativ presentering. Etter det arbeidde han i nordiskmiljøet samanhengande fram til han vart sjuk i fjor.

Dei første åra av karrieren var Jon Erik engasjert i eit prosjekt om norrøn grammatikk der han skulle ta seg av morfologidelen. Deretter arbeidde han med moderne norsk morfologi som NAVF-stipendiat. Det var kanskje den sterke interessa hans for grammatikk som gjorde det lett å skifta retning, for utover på 1980-talet orienterte han seg mot den framveksande andrespråkslingvistikken. I 1982 var han med og sette i gang det første undervisningstilbodet i det nye faget norsk som andrespråk, og han vart den første leiaren i det nasjonale fagrådet. Han fekk fast stilling som førsteamanuensis i 1989, og vart i åra etterpå ei av dei drivande kreftene i oppbygginga av faget norsk som andrespråk både i Bergen og på nasjonalt nivå.

Det utvikla seg fort til eit stort og forgreina fagmiljø: For det første eit ordinært, forskingsbasert studiefag med undervisning og rettleiing på alle nivå opp til doktorgrad, og for det andre eit veksande kurstilbod i norsk for utanlandske studentar, der lærarstaben er utdanna ikkje minst av Jon Erik. I tillegg til dette var Jon Erik fagleg fødselshjelpar og vitskapleg rådgjevar for det viktige tilbodet i testing av språklege ferdigheiter som vart etablert på slutten av 1980-talet under namnet Norsk språktest. Han vart sjølv den første leiaren i fagrådet for Språktesten i 1990.

Gjennom alle desse arbeidsoppgåvene fekk han eit stort nettverk av samarbeidspartnarar i samfunnet utanfor universitetet. Mellom desse er Vox – nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk under BLD, og fleire fagmiljø ved andre norske universitet og høgskular.

Fjernundervisningstilbodet PRISME er eit hovudresultat av den samla innsatsen hans. I åra frå 1999 gjorde Jon Erik eit omfattande pedagogisk nybrotsarbeid saman med andre kollegarer i faget, særleg Kari Tenfjord, og dette tilbodet er i drift og god gjenge. Det gledde Jon Erik stort den siste tida at Vox laga ei svært positiv evaluering på grunnlag av studieåret 2010–2011.

Jon Erik var også sterkt engasjert i det vanlege faget nordisk språkvitskap. Han ville ta vare på og utvikla sambandet og få til ei fornuftig arbeidsdeling mellom dei to faga. Særleg sterkt var engasjementet hans i 2000–2001, då den såkalla kvalitetsreforma rulla inn over oss og stilte både fagleg samhald og samarbeidsevner på prøve. Jon Erik fekk nok merka at det har sin pris å vera talsmann for nye strukturar og nye faglege innfallsvinklar. Han følte nok litt på at motstanden han fekk, var ugrunna og urettvis. Svært mange i fagmiljøet opplever det nok no slik at historia etterpå har gjeve han rett.

Jon Erik var ein ekte intellektuell. Skarpskodde og stringente resonnement kjenneteikna han anten det galdt strengt lingvistiske eller meir fagpolitiske, for ikkje å seia politiske, tankerekkjer. Han var ein stimulerande samtalepartnar om så mange ting. Både studentar og kollegaer vil minnast den smittsame begeistringa i undervisninga, og at han var uendeleg hjelpsam når nokon spurde om noko, stort eller smått. Han var heller ikkje for fin til å ta på seg viktige oppgåver i kvardagen, verv som ikkje gjev prestisje, slik som verneombod og plassansvarleg for brannvern.

Det er den stimulerande læraren, lojale kollegaen og varme venen vi no saknar og minnest.

På vegner av LLE og nordiskmiljøet

Johan Myking

 

Powered by Labrador CMS