Minneord: Knut Erik Tranøy

Knut Erik Tranøy blir kalla “The founding father” av filosofien i Bergen. Meldinga om hans bortgang kom med sorg og vemod.

Knut Erik Tranøy døydde 19. mars, i ein alder av 93 år. For dei av oss som hadde det privilegium å arbeide nært saman med Tranøy i mange år, kom meldinga om hans bortgang med sorg og vemod, men også med mange gode minne om det han gjorde og det han var.

Knut Erik Tranøy kom til Universitetet i Bergen i 1959 som professor i filosofi ved Filosofisk institutt som var oppretta same år. Han vart ”the founding father”, til hell og lykke for instituttet og for den status faget fekk ved Universitetet i Bergen. Han var rett mann på rett plass til rett tid. Grunnane er mange: hans faglege soliditet, hans pedagogiske evner, hans administrative grep, og hans tillitvekkande omgang med kollegaer i andre fag. Samla sett gav dette ein lykkeleg start for instituttet. Då Tranøy drog tilbake til Oslo etter nær 20 år, kunne faget og instituttet leve vidare på det grunnlaget han hadde lagt, og på den ”sosiale kapital” han hadde opparbeidd for filosofien ved universitetet. Ved 50-årsjubiléet for instituttet i 2009 vart Knut Erik Tranøy med rette heidra for den unike innsats han hadde gjort for faget og for instituttet.

Det er grunn til å framheve det Tranøy har betydd på fleire område: Han kom til Bergen med fagleg og personleg kjennskap til Ludwig Wittgenstein. Dette slo rot i miljøet, både fagleg og institusjonelt. I dag har Universitetet i Bergen eit internasjonalt anerkjent Wittgensteinarkiv. Tranøy kom også med sterke interesser i moralfilosofi. Det er karakteristisk for hans opne sinn og intellektuelle kraft at han, som sekulær person, vart ein internasjonal kapasitet på moralfilosofien hos Thomas Aquinas. Interessene hans for etiske spørsmål retta seg både mot filosofiske grunnlagsproblem og mot anvendt etikk. Han gjekk inn i dei nye diskusjonane innanfor medisinsk etikk, og alltid i nær dialog med dei som arbeider i fagfeltet.

I tråd med dette stod Tranøy dessutan sentralt i lanseringa av det som vart heitande ’vitskapsteori’ her i landet. Såleis var han ankerperson for Jeløya-konferansen i 1975, der ’vitskapsteori’ vart definert som ein tverrfagleg disiplin der forskarane skulle ha kjennskap til faga det vart forska på og der forskinga dessutan skulle vere filosofisk informert. Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen er eit resultat av denne innsatsen. Ved tiårsfeiringa for Senteret i 1997 var Tranøy den sjølvsagde gjesteførelesar.

Og endeleg, Tranøy hadde sine skilsetjande erfaringar frå konsentrasjonsleirane under krigen, noko som mellom anna slo ut i ei sterk interesse for å halde opp ein sivilisert offentleg samtale. Han var aldri ein intellektuell i elfenbeinstårn. Han deltok i det offentlege ordskiftet, og han signaliserte for oss yngre at også dette var ein del av pliktene, som filosof og intellektuell. I samsvar med dette opplysningsidealet la han ned eit stort og avgjerande arbeid for examen philosophicum ved Universitetet i Bergen, som ein glimrande førelesar og dermed som eit føredøme for oss yngre, men også som universitetspolitikar som gav ex.phil. ein ny struktur prega av eit nært samarbeid med dei ulike fakultet.

Tranøy gav yngre kollegaer på same tid frie hender og klare signal om fagleg soliditet. Betre kunne det ikkje vere. Under hans leiing, og i det gamle universitetssystemet då universitetet enno var eit universitet, var det mogleg å kombinere undervisning og forsking, og deltaking i offentleg ordskifte. Også dét gjer det vemodig å ta det innover seg at Tranøy no har gått bort. Det er ein epoke som er over.

Vi takkar Knut Erik Tranøy for hans stille engasjement og store innsats, for hans intellektuelle openheit og hans diskret alvor. Det blir tommare no, etter han.

Gunnar Skirbekk, på vegner av Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen

 

Powered by Labrador CMS