Minneord om Anders Bjarne Fossen

Publisert

MINNEORD: Laurdag 13. april døydde professor emeritus Anders Bjarne Fossen. Historikarmiljøet i Bergen har tapt ein kjær ven og ein god kollega.

Anders Bjarne vart fødd i 1935, han byrja studera ved Universitetet i Bergen i 1957, same året Historisk institutt vart oppretta. Dette instituttet vart arbeidsstaden hans gjennom eit langt liv. Studenttilværet vart avslutt med hovudfag i historie i 1966. Lærargjerninga tok til i 1968, då han vart tilsett som universitetslektor i foreiningstidas historie. Seinare vart han førstelektor og i 1994 professor. Han pensjonerte seg i 2003.

Anders Bjarne hadde mange gode eigenskapar. Ein av dei var ein umåteleg stor arbeidskapasitet, som han delte likeleg mellom dei tre hovudpilarane i universitetet si verksemd; forsking, undervisning og formidling.

Forskinga hans kan på mange måtar seiast å ha eit sentrum i Byfjorden. Han var først og fremst lokalhistorikar, med Bergen og Askøy, heimkommunen, som interesseområde. Det mest ruvande arbeidet hans er dei to banda hans i Bergen bys historie, men han har og skrive Askøys historie. Lista over verksemder, institusjonar og organisasjonar som har fått historia si skriven av Anders Bjarne Fossen er like lang som den er allsidig. Det som dreiv han var ønsket om å etablera og leggja fram ny kunnskap om dei to kommunane på kvar si side av Byfjorden, sjølv om forskinga hans sjølvsagt også tok han lengre ut.

Det gjorde også undervisninga hans. Tru mot historikartradisjonen i Bergen undervist han kronlogisk, men særleg geografisk mykje vidare enn der forskingsinteressa hans låg. Og uansett tema var Anders Bjarne si undervisning alltid kunnskapsrik, velstrukturert og inspirerande. I tillegg var han hjelpsam både med studentar og kollegaer. Det var aldri nei når ein ønskte å diskutera eit fagleg eller pedagogisk problem med Anders Bjarne. Ein fekk gjerne eit råd som sette ein stand til å formidla eit vanskeleg problem på ein betre måte.

Mange vil først og fremst hugsa formidlaren Anders Bjarne. Her nytta han, for å bruka eit moderne uttrykk, alle kanalar. Han heldt foredrag og kåseri i lag og organisasjonar, han vitja skular, han svarte på brevlege og telefoniske spørsmål, han skreiv artiklar i aviser og tidsskrift, han var med i radio- og fjernsynsprogram. Og alltid med den tyngde, klårleik og inspirasjon som kjenneteiknar ein god forskar og pedagog.

Historikarmiljøet er blitt fattigare ved Anders Bjarne Fossens bortgang.

 

Powered by Labrador CMS