Bruce H. Taylor

Bruce H. Taylor døydde 9. august, 72 år gamal.

Bruce var fødd i Illinois, USA. Etter å ha vore i militærteneste i Tyskland, reiste han rundt i Europa. Det var på denne reisa han fyrste gong kom til Bergen, som han blei så fengsla av at han bestemte seg for å slå seg ned her. Han fullførde college-utdanning i USA samstundes som han studerte norsk språk og kultur. Etter dette flytte han til Bergen som blei heimstaden hans for resten av livet.

Bruce tok magistergrad i etnologi med dans som tema. Men denne utdanninga brukte han ikkje i yrkeslivet. Sjølv om han hadde stor interesse for og allsidig kunnskap om humanistiske fag, særskilt musikk og dans, var det dei tekniske faga som blei yrkesvegen hans. Ei tid var han lydteknikar for Puddefjord radio. Han kom så til Universitetet i Bergen og blei verande i ei årrekkje, lengst på EDB-seksjonen ved Det historisk-filosofoske fakultetet, der han var frå 1991 til han måtte slutte i arbeidet grunna sjukdom i 2006.

Dei musikalske og kulturelle interesserne til Bruce fekk han med i ulike lag. Han var med i Ervingen, song i Bergen domkantori og var med å skipe Bergen internasjonale folkedansklubb.

Vi som hadde gleda av å arbeide med Bruce på UiB, opplevde han som ein kunnskapsrik og samvitsfull kollega. Han sette seg grundig inn i ting og var alltid opptatt av å gje god hjelp til brukarane, anten dei var professorar eller nye studentar. Som kollega var han mild og humoristisk. Han kunne ha klåre meiningar, men hadde stor omsut for andre.

Powered by Labrador CMS