Knut Helle

Ein av dei store i norsk historieforsking og historieskriving, Knut Helle, er gått bort, 84 år gammal. Han kom i 1958 som stipendiat til Historisk institutt ved Universitetet i Bergen, og her hadde han sin arbeidsplass livet ut: dosent frå 1963, professor i mellomalderhistorie frå 1973, og dei siste 15 åra som ein særs aktiv professor emeritus.

Knut Helle let etter seg ein uvanleg omfattande og rik vitskapleg produksjon, med hovudvekt på norsk politisk historie i høgmellomalderen. Alt i 1961 publiserte han sin grunnleggande programartikkel om Tendenser i nyere norsk høymiddelalderforskning. Den skarpt formulerte teksten munna ut i eit krav om «opprydning» etter strenge metodiske og kjeldekritiske prinsipp, for å «finne fram til hvor vi står.» Dette enkle credo vart rettesnor for det meste han seinare skreiv; i bøker, artiklar og debattinnlegg.

Aller tydelegast ser vi forskningsprogrammet frå 1961 realisert i den store avhandlinga  Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150 - 1319 (1972). Her analyserer han – i store linjer og nitid detalj – det sentrale norske regjeringsapparatet i funksjon. Boka er framleis både standardverk og oppslagsverk for alle som arbeider med norsk politisk historie i mellomalderen.

Andre emnefelt han gav seg i kast med var byhistorie , først og fremst det monumentale  bindet om Bergens historie i mellomalderen (1982). I 1980- og 90-åra var han både  hovudredaktør for og bindforfattar i Aschehougs verdshistorie og noregshistorie. Vestlandsperspektivet vende han tilbake til i 2001 med den fine rettshistoriske studien om Gulatinget og Gulatingslova, som for øvrig var tema for hans siste offentlege førelesing i november 2014. I 2006 kom Vestlandets historie, der han igjen var både hovudredaktør og sentral bidragsytar.

Gjennom fleire tiår var Knut Helle såleis ei formande kraft i ei rad større bokprosjekt; det aller siste som redaktør for historia til hans egen heimby Stavanger. Heilt til kreftene svikta arbeidde han her med å skrive eit stort samlebind for eit engelskspråkleg publikum. Det vart dermed noko så sjeldsynt som eit ufullendt epos frå Knut Helles hand.

I tillegg til ein rik og omfattande forfattarskap – langt meir omfattande enn det her er gjort greie for – var Knut Helle ein glimrande universitetslærar gjennom meir enn fire tiår. For ei mengd hovudfags- og doktorgradsstudentar var han den grundige og vennlege rettleiaren. Og han har gitt kyndige råd  om hundretals meir og mindre lødige manuskript som frå mange og ulike kantar hamna på hans skrivebord. Også formidling av faget til eit breiare historieinteressert publikum opptok han sterkt. Han har da også vunne fleire prestisjetunge prisar for sine formidlingsevner.

For oss som hadde den lykke i livet å ha Knut Helle som nær venn og kollega, er det likevel først og fremst hans kvalitetar som medmenneske vi saknar aller mest når han no er borte for alltid. Men minnet lever.

Venner og kolleger ved Historisk institutt/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Powered by Labrador CMS