Norman Vetti

Norman Vetti  til minne

Det var med vemod vi mottok meldinga om at Norman Vetti var gått bort, 87 år gammal.

Norman Vetti var tilsett ved Universitetet i Bergen frå 1963 og fram til oppnådd pensjonsalder i 1993, og han hadde  frå første stund ein sentral plass ved institusjonen. Hans vide kunnskapar og innsikt i den vekst og utvikling som fann stad i denne lange perioden, delte han raust og på mildaste vis med stadig nye medarbeidarar.

Norman Vetti var magister i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Som fakultetssekretær i 1963 fekk han administrativt ansvar for alle tre fakulteta som då var oppretta ved Universitetet i Bergen; Det historisk-filosofiske, Det matematisk-naturvitskaplege og Det medisinske fakultet

Auken i fag og studentar førte til at administrasjonen vart bygt ut med eigne sekretariat ved kvart av fakulteta. Vetti valde Det historisk-filosofiske fakultet, og innafor dette fakultetet var han med på oppbygginga av dei samfunnsvitskaplege faga i Bergen, som vart organisert i eit eige fakultet i 1970. Dette fakultetet omfatta då også jus og psykologi, som var bygde ut som eigne studium innafor HF-fakultetet sine rammer. 10 år seinare vart desse studia organisert i eigne fakultet. Vetti sin plass var først og fremst i fagadministrasjonen ved fakulteta.

Norman Vetti hadde djup forståing for samanhengar og utviklingslinjer, og han makta, ofte på forunderleg vis, å forklare utviklinga i den mangslungne organisasjonen for sine yngre medarbeidarar. I den rivande utviklinga ved  universitetet var han ein viktig rådgjevar for ei lang rekke dekanar , og  for dei mange medarbeidarane han etter kvart fekk,var han ein «gudfar». Han hadde ei eiga evne til å analysere situasjonar  og til å støtte og stimulere sine nye medarbeidarar. Ofte på tomannshand og somtid i lange, men uformelle og kostelege «medarbeidarsamtaler», fleire år før dette var eit kjent hjelpemiddel i personalforvaltninga.

Norman Vetti  hadde vide interesser i litteratur, språk og politikk, og han hadde god kjennskap til mange fagfelt ved universitetet. Han var alltid opptatt av at institusjonen skulle trekke saman. Denne haldninga var særs viktig for administrasjonen og for heile institusjonen i den perioden, og det gjorde sitt til at arven hans til neste generasjon også vart sterk og varig.

På vegne av tidlegare medarbeidarar  som fekk Vetti til mentor, kollega og venn.

Asbjørn Bjørnset

Edmund Utne

 

Foto: Bergens Tidende

Powered by Labrador CMS