Oddvar Nes til minne

Oddvar Nes døydde 18. september 2016 nær 78 år gammal. Dermed har vi mist ein av dei fremste stadnamngranskarane og etymologane i landet. I fagmiljøet lytta ein alltid til vurderingane hans Oddvar.

Oddvar Nes var fødd i 1938 og voks opp i Volda. Han studerte ved Universitetet i Bergen og tok magistergraden i germansk språkvitskap i 1968 med støttefaga historie og fonetikk. Dessutan tok han faget tysk. I 1969 blei han tilsett ved Universitetet med ansvar for stadnamnsamlinga, og frå 1987 var han professor i nordisk språkvitskap til han gjekk av for aldersgrensa. Då hadde han vore rettleiar for ei svært lang rad hovudfagsstudentar, doktorgrandskandidatar og ikkje færre stadnamninnsamlarar over heile Vestlandet.

I dei språkvitskaplege studiane blei han særleg oppteken av å tyde dei eldste stadnamna, dei som føresette innsikt i tidlege stadium av germansk språk. Magisteravhandlinga hans var ein studie av eldste nordvestlandske fjordnamna. I dette arbeidet skaffa han seg òg god innsikt i andre indoeuropeiske språk, og han kom til å bli ein av dei fåe ekspertane i landet i den eldste språkhistoria. Med denne ballasten blei han fagkonsulent for Dansk etymologisk ordbog allereie som nyutdanna kandidat. Han har òg levert 170 viktige artiklar til Norsk stadnamnleksikon, der same innsikta var sentral.

Men også dialektologien og yngre språkhistorie hadde Oddvar god oversikt over. Han hadde lese det meste, og her kom eit heilt eineståande godt minne han til hjelp, slik at personar, årstal, ordformer og skrivemåtar sat fast heilt til siste levedagen. Ikkje minst hadde han oversikt over detaljar i faghistoria, som han lett levandegjorde med anekdotar. Det gav sjarmerande preg på undervisninga hans.

Han blei ei oppslagsbok for mange kollegaer som trong hjelp inn i eit stoff. Dessutan var observasjonsevna hans stor, slik at han blei flittig brukt som kommentator på avhandlingar før dei gjekk i trykken. Alle kjende seg tryggare viss Oddvar hadde lese over og godkjent. Han sette ingen grenser når han kunne hjelpe andre, og han engasjerte seg lett i andre sine spørsmål. Noko omsyn til eigen nytte fanst ikkje.

Oddvar var altså både vennleg, hjelpsam og ærleg. Han var ein jovial og lett omgjengeleg kollega, som var ironisk til akademiske former. Jåleri låg ikkje for han. Overfor vennar kunne han vere nokså direkte, men då var dét uttrykk for tillit og at vi hadde funne den felles tonen. Det er vanskeleg å tenkje seg at Oddvar nokon gong viste vond vilje; det er lettare å seie at han var for snill.

Oddvar Nes var på 1980-talet med i utvalet som la grunnlaget for retningslinjene og styringsapparatet for stadnamnnormering i landet, og han sat som stadnamnkonsulent for Vestlandet fram til han døydde. På 1990-talet tok han del i eit viktig tremannsarbeid med å gje ut manuskript etter Ivar Aasen i ein serie på ti band med «Målsamlingar». Dei siste åra har han vore sentral som medarbeidar i utgjevinga av dei historiske skriftene etter Tormod Torfæus, som budde på Karmøya på 1700-talet. Mens han låg på Nordås rehabiliteringssenter for å ta seg inn att etter hjerneslaget, måtte han få bringt opp  til seg latinske ordbøker for at han skulle kunne få utført det arbeidet. Hjernen var i alle fall raskt rehabilitert.

I 2009 fekk Oddvar Kongens fortenestmedalje for innsatsen sin. Som pensjonist heldt han god kontakt med fagmiljøet, som sette stor pris på besøka hans og innspela hans. Då det begynte å røyne på helsa, heldt dette fram. Han kom inn til byen i rullestol og tok del på møte og likte å slå av ein prat og kommentere manuskript. Til slutt måtte møta vere heime hos han på Askøya, så vi har kunna følgje med i sjukdomsforløpet til det siste.

No sit vi att med dei mange gode minna, og vi lyser fred over minnet hans.

Helge Sandøy

på vegner av vener og kollegaer ved Universitetet i Bergen

Powered by Labrador CMS