Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Faren vart drepen, sjølv har ho blitt trua på livet. Men Claudia Florez Sepulveda frå den colombianske studentorganisasjonen ACEU held fram kampen for menneskerettar og demokrati.
Nyleg vart studentorganisasjonen ACEU frå Colombia tildelt Studentenes fredspris i Trondheim. Torsdag møtte Claudia Florez Sepulveda og Ana Paola Romero først leiinga ved Universitetet i Bergen og seinare Bergensstudentar på Kvarteret. Studentane sin fredspris vert delt ut på vegner av alle studentar i Noreg annankvart år. ACEU fekk prisen for 2005 for sin ikkje-valdelege kamp for menneskerettar, rett til fri utdanning og demokrati i det borgarkrigsherja Colombia. ACEU vart grunnlagt i 1998, og målet var å sikre den offentlege utdanninga i landet. I dag er 37 prosent av utdanninga i Colombia offentleg finansiert, ifølgje Sepulveda og Romero. Etterkvart har kampen for menneskerettar, og dokumentasjon av brot på dei, blitt ein sentral del av arbeidet til organisasjonen.
– Fredsprisen er viktig for oss. Den gjer det mogleg for oss å fortelje om situasjonen i Colombia til studentar i andre land som kan støtte oss i arbeidet vårt, seier dei to studentane.
Måtte flykte
Det er ein tøff kamp. Fleire av medlemene i organisasjonen har blitt fengsla, torturerte og drepne dei siste åra.
– Eg har blitt utsett for drapstruslar to gonger, seinast i fjor. Første gongen var i 1999, då måtte eg flykte frå regionen eg kjem ifrå i Colombia, seier Sepulveda til På Høyden.
Faren hennar vart drepen, truleg av paramilitære, som også står bak truslane mot medlemene i ACEU. Korrupt politi- og påtalevesen gjer at få tør å melde frå om drap og overgrep av frykt for sjølve å bli svartelista.
Vil samarbeide
Studentane håper fredsprisen kan vere ein nøkkel til utvida samarbeid med studentar i andre land, gjerne ved Universitetet i Bergen.
– Vårt ønskje er at studentar som blir utsette for drapstruslar skal kunne reise til universitet i andre land og vere der til situasjonen betrar seg, seier Sepulveda og Romero.