Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Lågare inntekter frå utdanningstilboda og mindre forsking gjer at Det medisinsk-odontologiske fakultet (Mof) må kutte budsjettet med 27 millionar kroner til neste år. – Men vi skal få det til likevel, meiner dekan Nina Langeland.
På fakultetsstyremøtet i dag får styret eit forslag til budsjett med kraftige kutt. Dei største innsparingane skal takast ved at det ikkje blir pris- og lønskompensasjon til fellestiltak og fakultetsadministrasjon i 2013. Slik skal det sparast 12 millionar kroner, meiner fakultetsleiinga. Ni millionar skal og kuttast som institutta sin del av den samla resultatreduksjonen ved fakultetet, og seks millionar kroner blir kutta på andre område.
– Ingen i klem Budsjetta til institutta har berre fått ein auke på to prosent som pris- og lønskompensasjon, medan lønsoppgjeret i sektoren i 2012 hadde ei ramme på fire prosent. Inntektsauke på sikt Fakultetsdirektør Nina Mevold (frå høgre) og dekan Nina Langeland presenterer kutt på 27 millionar kroner i fakultetsstyremøtet i dag. Arkivfoto: Dag Hellesund
– Det er veldig dumt at desse kutta kjem samstundes med ein ny instituttstruktur. Samstundes har vi fått to senter for framifrå forsking, og der går det jo med ein del pengar og. Men det skal gå, og tanken er at ingen skal komme spesielt i klemme på grunn av desse kutta, seier Langeland.
Fakultetet ser på 2013 som eit «mellomår», med lågare inntekter. Men aktivitetar som er sett i gang skal gi inntektsauke i 2014, både når det gjeld forsking og utdanning. Avlagte doktorgrader og EU-prosjekt vil særleg gi inntekter, og talet på studieplassar på profesjonsstudiet i medisin vil fram mot 2020 gi 18 millionar kroner i auka inntekter, og ti fleire studieplassar.