Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Molekylærbiologiske metodar kan brukast både til å lage våpen og til å auke produksjonen av matvarer. Ein føredragsserie ved Molekylærbiologisk institutt har teke for seg ulike sider ved fagfeltet.
Korleis kan molekylærbiologien vere til nytte i miljøvern? Det var temaet Anders Goksøyr, professor ved Molekylærbiologisk institutt og grunnleggjar av firmaet Biosense Laboratories, tok for seg i føredraget sitt torsdag 21. oktober. Fordi, som han sa: – Genmodifisering kan gje betre veksteigenskapar og auka næringsverdi, og ein kan modifisere fram plantar som er meir resistente mot sjukdom og skadedyr. Ulempene er at genmodifiseringane kan spreie seg til ville planter, og at ein risikerer å spreie antibiotikaresistens og allergiar fordi ein overfører gen mellom organismar. Plutseleg kan maisen du trudde det var trygt å ete, vise seg å innehalde gen frå nøtter, til dømes, forklarte Goksøyr, som meiner det er viktig å vere merksam på risikoen. Det er studentorganisasjonen ved Molekylærbiologisk institutt, Heliks, som har arrangert føredragsserien. Det skjedde for første gong i fjor i samband med femtiårsjubileet for DNA-heliksen.
– Dette er eit område av molekylærbiologien eg brenn sterkt for.
Teknikkar frå molekylærbiologi kan hjelpe oss både med å rydde opp i gamle miljøsynder, og med å unngå nye.
– Vi kan fjerne gamle miljøgifter om vi har molekylærbiologisk kunnskap om korleis organismar reagerer på giftene. Det finst naturlege bakteriar som kan bryte ned ulike gifter der dei er deponerte, i staden for at ein bruker mange pengar på å flytte dei til ein annan stad der dei kan ligge ei stund før dei på ny blir eit problem for etterkomarane våre. Det er også mogleg å modifisere bakteriar, slik at dei blir enno meir effektive til dette, sa Goksøyr.
Mikrobar kan redusere og ufarleggjere radioaktive stoff, eller binde tungmetall i metallforureina jord, og på den måten gjere jorda brukande til plantedyrking. Også genmodifisering av organismar kan vere god miljøpolitikk. Genmodifiserte planter kan klare seg med mindre sprøytemiddel og mindre skadelege kjemikalie i produksjonen.
Må høyre på skeptikarane
– Vi som er teknologioptimistar, må hugse å høyre på skeptikarane, slik at vi ikkje går for fort fram. Det er viktig å finne enkle, kostnadseffektive metodar for miljødiagnostikk, til dømes for detektering av skadelege substansar i maten.
Student-initiativ
– Vi vil få fram litt andre ting enn det vi har på pensum, og vise at det er ei større verd der ute, sa Rune Evjenth frå Heliks-styret.
– Det er viktig å skape kontakt mellom universitetet og andre miljø som bruker dei same metodane som vi gjer.
Både Forsvarets forskningsinstitutt, Rettsmedisinsk institutt, Bioteknologinemnda og kreftforskingsmiljøet ved Haukeland Universitetssjukehus stilte med føredragshaldarar.