Deltakarane på kurset skal gjennom seks ulike casar. Korleis handtera konsekvensane av ei atombombe er eit av scenarioa. Illustratør: Roger Libesch

Lanserer MOOC i medisinsk fredsarbeid

Publisert

UiB er i gong med sin tredje MOOC. Det interaktive nettkurset er retta mot helsepersonell og er etterspurt av FN.

Førskomande måndag opnar påmeldinga til UiB sin tredje MOOC (Massive open online course) på den britiske plattforma Futurelearn. No er det opplæring i fredsarbeid for helsepersonell som skal gjerast tilgjengeleg for alle. 

– Eit slikt kurs har blitt etterspurd frå mange hald, mellom anna FN. Dei siste 10-15 åra har det vore diverse opprop om at valdsførebygging, fredsarbeid og arbeid med menneskerettar må inn i utdanninga til helsepersonell, seier kommuneoverlege i Fusa, Klaus Melf.

Han er prosjektkoordinator for kurset gjennom organisasjonen Norske leger mot atomvåpen.

I kurset blir seks ulike casar presentert gjennom lyd, bilde, tekst, grafikk og animasjon.

Dei skal gje innsikt i ulike krisesituasjonar helsepersonell kan møta på, og omhandlar mellom anna vald i nære relasjonar og møte med torturoffer, korleis klimaforandringar kan påverka helse, og kva det inneber for helsepersonell at ei atombombe blir slept over ein storby. 

Støtte frå Erasmus+

Det er Medical Peace Work, som er eit europeisk partnarskap mellom fredsorganisasjonar og utdanningsorganisasjonar, som har fått finansiering av Erasmus+ til å laga kurset. Her er UiB og Norske leger mot atomvåpen medlem. 

Les også: Lager klima-mooc

Ingvild Fossgard Sandøy ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved UiB er fagleg ansvarleg. 

Partnarskapet vart starta i 2005, og dei fekk då EU-finansiering for eit eige nettkurs som no er vidareutvikla for MOOC-formatet. 

– Det me hadde før var tekstbasert og med lite rom for interaktivitet. Det er spennande for oss no å få til eit heilt anna format som fokuserer på gruppearbeid og peer review, kor studentar retter oppgåver for kvarandre. Me kan utnytta all kompetanse og erfaring som finst blant deltakarane i ein virtuell klasseromsetting, seier Melf. 

Ein av illustrasjonane som er brukt i undervisninga. Illustratør: Roger Libesch 

Påmeldte frå over 170 land

Universitetet i Oslo var først ute med eit internasjonalt MOOC-kurs i Noreg i 2015, før UiB kasta seg på kort tid etter. NTNU skal lansera sitt første kurs i løpet av 2017. 

Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, er svært fornøgd med gjennomføringa av dei to første kursa som har vore ved universitetet: Causes of Climate Change og Occupational Health in Developing Countries. Til saman har kursa hatt over 23 000 påmeldte, kor om lag 19 prosent fullførte. Det har vore deltakarar med frå over 170 land.  

– Tilbakemeldinga frå Futurelearn er at det er færre som har falle frå kursa våre på plattforma enn det som er gjennomsnittet, seier Samdal.

Les også: – Fantastisk mulighet for internasjonal profilering

Kursa er gratis å gjennomføra, men om ein ønsker kursbevis må ein betala for det. 

– Me får ein kronesum av dette som går til den administrative jobben med å laga dei, med det er ikkje store summane, og me ser ikkje på det som ei inntektskjelde.

– Arbeidet gjev altså så langt ingen betydelege inntekter for UiB. Er det verdt all innsatsen?

– Det me legg opp til er å gjenbruka det me lagar, me nyttar element frå MOOC i campusbasert undervisning, eller me legg til rette for at studentane følger heile MOOC-opplegget. Det er ein plan for det på geovitskap til hausten mellom anna. Det er ikkje slik at arbeidet ikkje kjem campusbaserte studentar til gode, fortel Samdal (bildet).

Viktig for rekruttering

Samdal fortel at diskusjonen rundt å finna moglege betalingsløysingar er i gong i Futurelearn.

– I Noreg står gratisprinsippet for høgare utdaning veldig sterkt. Me ønsker ikkje vera ein del av ei slik mogleg betalingsløysing. Me ønsker å vera del av open deling av kompetanse via ordninga, og vareta gratisprinsippet for høgare utdanning i Noreg.

– For oss er dette viktig med tanke på rekrutteringsarbeid. Me lagar MOOC innan område kor me er verdsleiande på forskingsfronten. Det er ein viktig formidlingsarena. Me ønsker å synleggjera forskinga vår og gjera den tilgjengeleg for alle, seier Samdal, som legg til at ein per no ikkje har planar om å gje studiepoeng for kursa. 

UiB håpar å få endå to MOOC-kurs på plass i løpet av året. Kurset i medisinsk fredsarbeid har oppstart i april/mai. 

– Målgruppa er i hovudsak all slags helsepersonell og studentar som utdannar seg til helsepersonell. Men også andre yrkesgrupper kan dra nytte av det. Særleg i den sosiale sektoren og innan utviklingshjelpearbeid, fortel prosjektkoordinator Melf.  

Kommuneoverlege i Fusa, Klaus Melf er prosjektkoordinator for den nye MOOC-en.

Dette er MOOC:

  • Massive open online courses (MOOC) er opne og gratis eller svært rimelege nettkurs.
  • Studentane følgjer forelesingar via internett. Dette gjer at kursa kan følgast av mange studentar.
  • Fleire store og prestisjetunge universitet har utvikla eigne MOOC-kurs.
  • Oppgåver og kollokvier kan organiserast i nettgrupper.
  • Ein MOOC driftast via ein plattform. EdX, Coursera og Udacity er i dag dei største.
  • MOOC har nokre utfordringar knytt til evaluering og identifikasjon av studentane.  
Powered by Labrador CMS