Kurset i legemiddelrekning finst på mooc.no, og kan følgjast av alle interesserte. Foto: Colourbox.no

Ny mooc frå Stavanger

Universitetet i Stavanger har laga eit kurs i legemiddelrekning som er er ope, gratis og tilgjengeleg for alle.

– Mooc-fenomenet har gått som ein storm på nettet og har blitt svært utbreidd internasjonalt. Dette ønskjer vi å vere ein del av, seier Atle Løkken ved UiS si avdeling for utvikling av digitale læremiddel til UiS.no.

Det nye, opne nettkurset har sjukepleiarstudentar som hovudmålgruppe, men kan følgjast av alle som er interesserte. Kurset byr på videoforelesingar, spel, prøver og oppgåver. I eit eige forum kan deltakarane søke hjelp hos kvarandre og hos forelesar.

Brynjar Foss, førsteamanuensis ved Institutt for helsefag er fagleg ansvarleg for kurset.

Ingen UiB-kurs å finne
Kurset i legemiddelrekning er å finne på mooc.no. Plattformen er eigd av Bibsys. Her finst det foreløpig eit lite utval digitale nettkurs å velje mellom.

Med kurset i legemiddelrekning finst det no i alt fem kurs på plattformen mooc.no.

Universitetet i Oslo tilbyr eit examen philosophicum-kurs kalla «FlexPhil». Ole Goethe ved Institutt for Kunstfag og Informatikk ved Høgskolen i Hedmark har utvikla kurset kalla «Spill & spillifisering». Professor Arne Krokan ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU har etablert kursa «Teknologi endrer samfunn» og «Smart læring».

Stor trend blant eliteuniversiteta
Mens fleire internasjonale toppuniversitet har omfamna høvet til å nå ut til svært mange studentar, er dei norske erfaringane heller mindre.

Spesielt i USA har moocs hatt stor vekst dei siste åpra. Ei rekke eliteuniversitet konkurrerer om å skape dei aller beste tilbuda. Blant desse er Georgetown University i Washington DC.

Også under Transatlantic Scinence Week i Washington DC i november var moocs eit sentralt tema.

– Eg trur ikkje moocs kan fikse alt for oss, men eg trur på teknologiske framsteg. Ei endring er ofte ei endring til det betre, sa kunnskapsministeren.

Før jul leverte mooc-utvalet ein rapport til kunnskapsminister Torbjørn Røe-Isaksen. Denne skal utgjere noko av kunnskapsgrunnlaget som skal peike ut ein kurs for utviklinga av norske opne nettkurs.

– Vi må sjå på korleis vi kan bruke teknologiske verktøy til innovasjon og utvikling innanfor høgare utdanning, både når det gjeld undervisningsmetodar og kommunikasjon med studentane, uttalte kunnskapsministaren då han fekk rapporten.

Dette er MOOC:

  • Massive open online courses (MOOC) er opne og gratis eller svært rimelege nettkurs.
  • Studentane følgjer forelesingar via internett. Dette gjer at kursa kan følgast av mange studentar.
  • Fleire store og prestisjetunge universitet har utvikla eigne MOOC-kurs.
  • Oppgåver og kollokvier kan organiserast i nettgrupper.
  • Ein MOOC driftast via ein plattform. EdX, Coursera og Udacity er i dag dei største.
  • MOOC har nokre utfordringar knytt til evaluering og identifikasjon av studentane.  
Powered by Labrador CMS