Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det vert mykje arbeid. Men det er kjekt arbeid, seier ein nøgd Nikolai Østgaard.
Professor Nikolai Østgaard har plutseleg fått 16 millionar å rutta med. Birkeland Center for Space Science er plukka ut som eitt av 13 nye Senter for fremragende forskning (SFF). Forskingsrådet offentleggjorde lista måndag morgon. – Eg har eigentleg tatt dette veldig med ro, og vore førebudd på å ikkje få midlar. No får me plutseleg ein trygg økonomi i botn, ein økonomi som varer i alle fall fem år, seier Østgaard. ERC og SFF Østgaard fekk nyleg ERC-midlar frå det europeiske forskingsrådet. Desse pengane er knytta til forskinga på røntgen og gammaglimt. – Det betyr at dette passar saman som hand i hanske. Me har allereie ei gruppe forskarar som skal jobba med det prosjektet, seier Østgaard. ERC-midlane er 18 millionar kroner. Til SFF får Østgaard 16 millionar i året. Løyvinga er i utgangspunktet for ti år, men ein vert evaluert etter dei første fem. Då vert det bestemt om ein får pengar til neste femårsperiode. – Me ba om vel 18 millionar i året til SFF. No ser eg at me har fått litt mindre, så me må setja oss ned og ta ein runde med kontrakter og revidera søknaden, seier Østgaard. Plass for mange unge – No må eg ta ein runde og få undersøkt om dei som var aktuelle den gongen framleis er interesserte. Det er ikkje alltid lett å trekkja utanlandske forskarar til Bergen – me er små og har eit hardt klima, humrar romfysikaren. – Me har mange kontaktar internasjonalt, legg han til. Østgaard seier at tilgangen på flinke masterstudentar har vore god. – Med desse pengane er det slik at dei som ønskjer å ta ein doktorgrad kan få det. Eg reknar òg med at det vil koma nokre utanlandske doktorgradsstipendiatar, seier han. I utgangspunktet var tanken at mellom 40 til 45 forskarar skal vera knytta til senteret. – No må me sjå kor mange me vert. Me må ta ein diskusjon med universitetet og me må nok få litt større lokale. No byrjar planlegging i røyndommen, seier Østgaard. Han veit ikkje når forskargruppene er på plass og arbeidet med dei fire spørsmåla kan starta for alvor. – Det er mykje arbeid i vente. Men det er eit morosamt arbeid.
Romfysikaren seier at det er fire spørsmål senteret som skal opprettast ønskjer å finna svaret på: koplinga mellom jorda og verdsrommet via polane, røntgen og gammaglimt, studera elektrisk ladde straumpartiklar i rommet og finna ut om partikkelskurar frå rommet kan påverka kjemien i jorda sitt klimasystem.
Det er halvanna år sidan Østgaard første gong skreiv søknaden om å verta SFF.