Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kan ein forstå musikk ved hjelp av fysikk? Lagar Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet god graut? Den som møter opp i vrimlearealet i Realfagbygget klokka tre i dag får svar på begge deler.
Musikken kan ein berre høyre. Men har menneska sin persepsjon av musikken noko til felles med måten ein nærmar seg differensialgeometri og asymmetrisk kryptering på likevel? Eller kan tonar samanliknast med termodynamikk? Dirigent og dekan i samtale – Tanken er å opne for at studentane skal bli betre kjent med kvalitetane til Harmonien. Fakultetet ynskjer å synleggjere tverrfaglige aktivitet mellom musikk og vitskap. Vi synes det er kjekt å gjere noko for studentane, seier Kristin Bakken, underdirektør ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Andrew Litton er dirigent ved Bergen Filharmoniske Orkester. Dag Rune Olsen er dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet og kandidat til rektorvalet. Førsteamanuensis Thomas Spengler ved Geofysisk institutt har tatt initiativet til arrangementet, der tre musikarar frå Harmonien også vil spele. Stor interesse “Music meets science” har til no over 115 påmeldte til grautserveringa. Kristin Bakken fortel at dette i utgangspunktet var eit arrangement mynta på studentar, men at dei er gledeleg overraska over interessa også frå tilsette. Ikkje berre formlar – Vi har det i strategien vår å få fram at også det å ha ein viss innsikt i matematikk, naturvitskap og teknologi er ein del av danninga. Det er slett ikkje alle realister som sit fordjupa i formlar, mange realistar er opptatt av kultur og glad i musikk. Og vi er glade i koplingar. Det er kanskje ikkje tilfeldig at dei som har god talforståing også er glade i harmoniar?
Korleis ein kan forstå og fortolke sambandet mellom dei mjuke tonane og dei harde fakta vil verte gjenstand for samtale mellom dirigent Andrew Litton og dekan Dag Rune Olsen. De møtest i vrimlearealet i Realfagbygget i dag under banneret “Music meets science”.
– I Realfagbygget er det ein åpen hall, med stort potensiale for å samle folk. Vi prøver å skape litt liv her, og dette er det fjerde arrangementet i serien “sofaprat med dekanen”, seier Kristin Bakken.
– Forsøker mat-nat her å drive litt omdømebygging, og seie “sjå her, vi er ikkje berre tørre nerdar, vi har jammen kunstnariske kvalitetar også ?“