Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Muséplass 1 er tom i dag – universitetsstyret har ikkje møte der. Dei er på Solstrand, men det stod det ingenting om i sakspapira.
I dag har universitetsstyret altså det siste møtet med sitjande styre og rektor. I sakslista, som ligg tilgjengeleg på UiB sine nettsider, står det ingenting om verken når eller kor møtet skal vera. Dersom ein ser på møteplanen, står det at møta vanlegvis vert haldne på Muséplass 1 klokka 10. I går var universitetsstyret, universitetsleiinga og andre på Solstrand og hadde lukka seminar. Men det stod ingen stad at styremøtet òg skulle haldast der. – Svært problematisk – Dette som her har skjedd er svært problematisk sett i forhold til prinsippet om openheit, både etter universitetslova og offentleglova, legg han til. Universitetsstyret har vedteke at «styrets møter skal som hovedregel holdes for åpne dører og med full tilgang for allmennheten». – Solstrand er ikkje så langt unna, så eg har ingen motførestillingar mot at ein arrangerer eit møte der. Men det går ikkje å la vera å opplysa i innkalling når og kor møtet skal vera. Då forhindrar ein både journalistar og andre interesserte i å koma, seier Bernt. Kan ta saka til departementet Bernt understrekar at eit universitetsstyre har mykje større fridom enn politiske organ når det gjeld lukking av dørene. – Men når utgangspunktet er at møta er opne, må desse vera ein stad der folk kan koma, og då må det må òg gjerast kjent når og kor møtet skal vera, seier Bernt. – I politiske fora kan ein til dømes krevja ein lovlegheitskontroll dersom nokon meiner at noko har skjedd på feil måte. Kva kan ein gjera med eit universitetsstyre? – Ein har ingen rettslege sanksjonar over slike feil. Men ein bør peika på det problematiske i dette, og dersom leiinga ikkje innrømmer at dei har gjort ein feil, bør ein ta saka vidare til departementet for å få ei avklaring, seier Bernt. – Beklagar Han seier at han vil ta kontakt med kollegiesekretariatet for å få verifisert om tid og stad for møtet ikkje var opplyst nokon stad. – Eg har ingen fleire kommentarar no, seier rektor. Kollegierommet på Muséplass 1 er tomt i dag – universitetsstyret er ein heilt annan stad. Foto: Ida Bergstrøm
– Utgangspunktet etter universitetslova er at styremøta skal vera opne. Styret kan treffa vedtak om å lukka dørene i einskilde saker, men det skal skje i lovleg innkalla møte. Sjølve innkallinga er i alle høve eit offentleg dokument, og i denne skal ein seia når og kor møtet skal finna stad, seier jussprofessor Jan Fridthjof Bernt.
Sivilombodsmannen har kome med fleire fråsegner om politiske møte som ikkje er kunngjort som dei skal eller der dei folkevalde samla seg, men kalla det seminar.
– Eg kan berre beklaga, seier rektor Sigmund Grønmo.