Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Det er ein myte at bergensk et seg så kraftig ut over dei kringliggande områda, seier professor i nordisk, Gunnstein Akselberg.
- Det er vanleg at eldre og vaksne på Voss klagar på at dei unge får ein utvatna dialekt, men Vossaungdommen viser få teikn på at dei tek til seg bergensuttrykk i dialekten, seier Akselberg. Nordisk-professoren er ein av dei som deltek på MONS-konferansen frå 24. til 26.november, der han skal halde innlegg om kor vidt Oslo-målet er dominerande for talemålsutviklinga i resten av landet. Akselberg var prosjektleiar for “Talemålsendring i Noreg” som vart avslutta i 2003. Han fortel at rett nok nyttar ungdom på Voss i stor utstrekning nokre få symbolformer som noe, mye og se, men han meiner at dette ikkje er ei viktig endring. - For det første vart former som noe, mye og se nytta på Voss allereie for hundre år sidan på grunn av Vossebana, og bruken av desse formene i dag er langt frå nok til å snakka om radikale endringar i talemålet. - Men du kan vel verkeleg ikkje meine at ikkje bergensk spreier seg? - Jau, det spreier seg litt, men ikkje så mykje som ein trur. Det er også viktig å skilje mellom det at bergensk spreier seg “av seg sjølv”, og det at bergenserar flyttar ut og tar dialekten med seg, seier Akselberg. For medan det er ei vanleg oppfatning at bergensk valsar ned resten av Vestlandet, er det heller slik at det er innflyttarane frå Bergen som har med seg dialekten sin og at den då vil flyte saman med den lokale dialekten. Då får ein ei samansmelting mellom såkalla gatebergensk og striledialekt, ifølgje dialektforskaren. Gunnstein Akselberg fortel at ei av røynslene frå “Talemålsendring i Noreg” var at Vestlandet og Sørlandet er langt mindre prega ev regionalisering av dialektar enn Austlandet. Regionalisering vil seie at dei store byane i kvar region påverkar språket i områda i kring. - Tvert i mot ser ein at dialektane på Vest- og Sørlandet held seg forbausande bra. Dette gjeld til dømes både i områda rundt Bergen, Stavanger og Kristiansand. Nordisk-professoren viser mellom anna til ei ny masteroppgåve som viser at på Vaksdal, som ligg ein dryg halvtimes køyretur frå Bergen sentrum, held folk forbausande godt på dialekten. Ifølgje Akselberg har resultata frå “talemålsendring” blitt mykje meir nyanserte enn dei trudde då dei byrja. Det finst ein hovudstadseffekt, der store delar av talemåla på Austlandet tek opp i seg trekk frå Oslo-talemålet, då helst “lågstatusspråket” som vert nytta i Oslo aust, men denne finn vi ikkje att i dei andre landsdelane. Særleg skil Vestlandet seg ut når det gjeld bevaring av dialektar. - Når det gjeld Vestlandet som region er eg av den oppfatning at den gode utviklinga framfor alt skuldast at folk her er mykje stoltare av dialekten sin enn dei var før. Dette er nok ikkje tilfeldig, og kan mellom anna knyttast til at vestlandsidentiteten har blitt styrka, seier nordisten.
Bokmål med Vossebana
Dialekt på Vaksdal
Vestlandet skil seg ut