Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Når Kristian A. Bjørkelo skriv debattbok viser hans alter ego – Mad Mullah Hastur – seg òg i spaltane.
– Bergens Tidende skreiv at boka di kjem i haust. – Eg såg det. Snakk om å få kniven på strupen. Kristian A. Bjørkelo humrar forsiktig. Snart kjem altså hans andre bok for året – denne gongen ei debattbok for ungdom. I vår var han redaktør for «Gi meg en scene!», som skildra ti år med norske bloggarar. Men eigentleg er han tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium – delvis som førstekonsulent og delvis som fagansvarleg for emnet praktisk informasjonsarbeid. Stormannsgalen narsissist Boka som snart kjem i butikken, i byrjinga av desember skriv Samlaget på sine nettsider, er ein del av ein serie med debattbøker for ungdom. Forlaget skriv at «gjennom intervju, fargerike døme og historie gjev forfattaren ein bakgrunn for å forstå ekstremistar og motivasjonen deira. Han gjer dette i eit kunnskapsrikt, humoristisk og provoserande språk». – Målgruppa er ungdom frå 13-25, eller i alle fall 16-25, seier forfattaren. – Eg nyttar litt spydigheiter og slikt, og noko av det eg skriv kan nok provosera i alle fall eldre lesarar. – Er det du eller mullahen som skriv? – Mullahen sin personlegdom kjem nok fram, seier Bjørkelo. For når han bloggar, er det ikkje Kristian som snakkar, men Mad Mullah Hastur. – Mullahen er ein tankekonstruksjon. Han driv med spinnville tankeleikar, og seier ting som kunne vore sagt – men som få torer å seia. Mullahen er stormannsgalen og narsissist – eg er hakket meir beskjeden, seier Bjørkelo. Konspirasjonsteoriar – Dei er veldig skikkelege, og det gjer at opprøret forsvinn. Det er bra på den måten at dei i mindre grad går inn i radikale miljø. Men dei stiller heller ikkje dei spørsmåla som bør stillast – i ei tid der det er økonomisk krise i verda. Dei kjem ikkje med systemkritikk, men dei nyttar konspirasjonsteoriar, seier Bjørkelo. Han viser til boka «KonspiraNorge», som kjem ut neste veke. – Ei veldig fin bok, skrive av John Færseth, ein god venn. Han forklarar kva konspirasjonsteoriar er og korleis dei verkar. Mange av teoriane er det høgreekstreme miljø i USA som står bak. Konklusjonen er ofte at det er internasjonale bankmenn si skuld at verda er som ho er. Og internasjonale bankmenn – det betyr stort sett jødar, seier Bjørkelo. Ønskjer danning og kunnskap – Det er både blodbad og ymse anna knytt til innføring av demokrati. Eg opnar for at ein kan endra systemet – så lenge ein held fast i menneskeverdet. Aldersgruppa Bjørkelo har skrive debattbok for, er 22. juli-generasjonen. Det gjer at han har vore varsam. – Eg skildrar ikkje sjølve hendinga på Utøya, men eg prøver å hjelpa dei unge til å skjøna bakgrunnen for det som skjedde. Det handlar om både historisk fascisme og rasisme, seier Bjørkelo, og fortel at han opplever at ungdom er interesserte når han fortel om ekstremisme. I sommar, på ein humanistisk ungdomsleir, argumenterte Bjørkelo kraftig mot demokratiet. Då fekk han motbør frå ungdommane. – Kva er argumenta dine mot demokrati? – Ein treng berre lesa kommentarfeltet i ei nettavis i to minutt, så ser ein at demokratiet ikkje fungerer, seier Bjørkelo tørt. – Det er eit kjendiseri der ute, det er ignoranse og manglande kunnskap. Politikarane driv med eit spel – dei tener ikkje folket slik dei skal. Konklusjonen hans er likevel at det ikkje finst noko alternativ – og at demokratiet må styrkast. Det må skje gjennom danning, politisk engasjement og kunnskap, meiner Bjørkelo. Ein stor skulegard – Kva er det som driv bloggarane, særleg rosabloggarane? – Det er vanskeleg å forklara. Dette er som skulegarden på ungdomsskulen – berre i større skala. Det handlar om å seia at andre er fine – men samstundes må ein seia det til dei rette personane, seier Bjørkelo. Men det finst bloggarar som fortel om sitt eige liv utan særleg filter. I boka handlar eit av kapitla til dømes om ein bloggar som fortel om livet med Aspergers syndrom. – Ein del av bloggane er som dagbøker – på nett. Nokre av desse er skumle. Unge jenter som driv med sjølvskading eller har etelidingar oppmuntrar kvarandre og gir råd om korleis ein kan få «maks utteljing», seier Bjørkelo. Han seier at for nokre år sidan fungerte kommentarfelta i bloggane som debattarenaer. Slik er det ikkje nødvendigvis lenger. – Mange av dei som bloggar er gode skribentar, og har gått over til å få spaltar i avisene. Andre skriv kronikkar. Debatten har flytta seg til avisene. – Eit interessant trekk i dagens samfunn med nye medium? – Noreg er eit lite land. I utlandet er det slik at seriøse bloggarar lagar sine eigne aviser, det mest kjente er Huffington Post, seier Bjørkelo. Huffington Post er ein amerikansk nettstad der nyhendesakene kjem frå ulike kjelder; bloggarar og spaltistar. – I Noreg kjøper avisene, til dømes Nettavisen, opp bloggarar, legg Bjørkelo til. Nettavisen har til dømes tidlegare Venstre-leiar Olaf Thommesen, sin eigen administrerande direktør Gunnar Stavrum og Susanne Kaluza, tidlegare journalist i Dagbladet, i stallen. Rosa kontor – Kitty representerer ei vakker tomheit, seier Bjørkelo og humrar. Tinga har han fått frå blogg-lesarar. Men om det er han eller mullahen som likar alt dette rosa, er ikkje lett å få eit svar på. – Med ein blogg skaper ein det biletet ein vil. Men det er få som ikkje skjønar at det er skilnad på mullahen og meg. – Skjønar ungdom at ein berre viser litt? – Dei har det same forholdet til ein del bloggarar som dei har til Justin Bieber og Britney Spears. Bloggarane vert karakterar som det er lett å dyrka. Det finst til og med sladderbloggar om bloggarar – det er fascinerande, seier Bjørkelo. – Men heldigvis finst det nokre som òg er kritiske – særleg til ein del av rosabloggane.
Dersom ein googlar Bjørkelo, finn ein raskt ut at han har sin eigen blogg. Ein finn òg ut at han mellom anna veit mykje om ekstremisme og ekstreme ytringar på nett.
– Dagens ungdom framstår som veldig skikkelege. Debatterer dei?
Når han skildrar ekstremisme, tek han utgangspunkt i den franske revolusjonen.
I vår kom boka som skildrar dei ti første åra med norske bloggar. Dei ulike kapitla fortel om både dei såkalla rosabloggane og dei ekstreme ytringane ein finn på nett.
Bjørkelo sitt kontor i HF-bygget er ikkje heilt som andre. I bokhylla står det Hello Kitty-produkt på rekkje og rad, og eit stort badehandkle heng på veggen.