Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ana Beatriz Chiquito har vore med på å utvikle fleire IKT-baserte læreverk i spansk for eit amerikansk publikum. No bruker ho røynslene til å førebu eit innføringskurs i spansk ved UiB.
Chiquito er førsteamanuensis ved Seksjon for spansk språk og latinamerikastudiar, og er også tilknytt Massachusetts Institute of Technology (MIT). Ho har utarbeidd fleire større læreverk, både i bokform og som online-produkt i spanskopplæring på universitets- og høgskulenivå, på forlag som Houghton Mifflin, Holt og Prentice Hall. No er det siste prosjektet hennar, eit stort IKT-basert opplæringsprogram i spansk for elevar i vidaregåande skule, kome i handelen i USA.
– Bak opplæringsprogrammet står fem forfattarar og eit team av redaktørar. Dette er eit stort læreverk med både bøker og online-komponentar som audio, video, bilete, og læringsplattformar for å handtera bruken av dei ulike komponentane. Fleire statar i USA krev online-bøker i tillegg til trykte bøker i vidaregåande skule, og verka må tilpassast og godkjennast for bruk gjennom utdanningsstyresmaktene i kvar stat, så det er berre dei store amerikanske forlaga som har ressursar til å utvikle dei, fortel ho.
USA har ein svært stor spansktalande minoritet, og kjem høgt opp på lista over spansktalande land. Difor er det også mange som studerer spansk i USA.
– Det siste verket, Exprésate, tek for seg heile den spansktalande verda. Ikkje berre Europa eller berre Latin-Amerika, som ofte er vanleg, fortel Chiquito, som har vore involvert i alt frå grammatikk til animasjonar i det integrerte læreverket.
Røynslene frå arbeidet kjem i neste omgang UiB-studentar til gode.
– No held vi på med å utvikle eit innføringskurs i spansk ved UiB. Det skal vere ferdig om eit år, og er det første ved UiB som dekker heile den spansktalande verda. Fordi UiB allereie har eit tilbod i latinamerikastudiar, er det naturleg å inkludere Latin-Amerika i spanskkurset, seier ho.