Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
1. november går dørene til Dei naturhistoriske samlingane til Universitetsmuseet igjen, og opnar ikkje før tidlegast våren 2018. Eigedomsdirektør Even Berge saknar ei ytterlegare løyving til prosjektet på statsbudsjettet for 2014.
I sørfløyen av Universitetsmuseet på Museplass 3 skal det byggjast aula, og oppstartsløyvinga kom på revidert nasjonalbudsjett i mai i år. I statsbudsjettet for 2014 er det løyvd 80 millionar kroner av ei ramme på rundt 320 millionar kroner. Arbeidet med å rive sørfløyen innvendig kom skikkeleg i gang etter ferien i år, og dei grovare rivingsarbeida vil først skje over nyttår.
Dei skjøre gjenstandande på museet vil ikkje tole all ristinga og støvet arbeidet fører med seg, og må difor flyttast. Dei største objekta, som kvalskjeletta, vil ikkje bli flytta, men tekne vare på der dei står.
Men for publikum er dei neste vekene altså siste sjanse til å sjå Dei naturhistoriske samlingane på mange år. Dei kulturhistoriske samlingane er i eit anna bygg, og desse vil derimot vere opne i heile perioden.
Hadde håp om løyving
Midt- og nordfløyen av monumentalbygget i Museplass 3, der Dei naturhistoriske samlingane er, skal òg pussast opp, og planane er klare. Men det kom altså ikkje pengar til fase to av oppussinga over statsbudsjettet for 2014.
– Vi hadde håpt at pengane skulle liggje inne, slik at vi hadde sleppt å ha museet så lenge stengt, seier eigedomsdirektør ved UiB, Even Berge.
Han hadde håpt å kunne starte opp fase to av prosjektet hausten 2014, men no kan det tidlegast skje våren 2015, dersom det kjem løyvingar på statsbudsjettet for 2015.
– Reknar med pengar neste år
– Ideelt sett ville eg helst hatt pengar allereie i år, men vi har heile tida jobba som om det kjem oppstartsløyving i 2015, seier museumsdirektør Henrik von Achen.
Dersom løyvinga kjem kan prosjektet gå som planlagt, og byggearbeida ville kunne vere ferdige i løpet av 2017. Deretter tek det ein del tid å flytte utstillingane tilbake på plass, slik at museet kan gjenopne våren 2018.
– Det er framleis fullt muleg, men det krev at det blir noka stor glipe i framdriftsplanen. Eg blir ikkje i depressivt humør før det eventuelt ikkje kjem noka løyving til neste år, seier von Achen.