Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kor mange bein er det eigentleg på Naturhistorisk museum? Norge Rundt gir deg eit røft svar på TV i kveld.
– Eg lurer på om vi må endre teksten litt. Eg har ikkje sett millionar av bein her. Høgt oppe, langt inne i det staselege bygget på Nygårdshøyden finst det meste innan bein, frå blåkval til spissmus. Stabla opp i finne rekker og grundig systematisert med merkelappar på alle ledd og kasser. – Denne er frå Oseberg-skipet, seier Hufthammer og løftar fram eit brunt hestekranium – ein godt bevart rest frå ein av dei mange stakkarane som måtte bli med ei mektig kvinne i vikinggrava får 1200 år sidan. Det har ikkje Hufthammer noko imot.
Dagmar Blaasvær står med kamera på skuldra og er usikker på om det ho filmar stemmer med det som blir sagt. Kort diskusjon. OK, så kan ikkje Dagmar sjå millionar av bein gjennom kamera. Men det er faktisk millionar av bein her. Førsteamanuensis Anne Karin Hufthammer er ikkje i tvil. Og betre kjelde kan ikkje Norge Rundt få når det gjeld bein på Naturhistorisk museum.
Fram i lyset
Programleiar Gøril Grov Sørdal går bak i ein mørk krok. Kamera går. Saman med Hufthammer spaserer ho fram i lyset igjen og styrer så vidt klar av ein geitebukk utan kjøt på kroppen.
– Kor mange bein er det her inne, eigentleg?
– Eg trur det må vere millionar
– Berre her inne?
– Ja.
Det er ikkje vanskeleg å tru. Og det er ikkje snakk om den typen ein let hunden gnage på.
Ikkje for hunden
– Vi vil gjerne vise litt av det som skjer bak det publikum ser til vanleg. Det er mykje meir enn utstillingslokale i museet. Vi vil vise korleis ein arbeider her, seier Grov Sørdal.
- Fantastisk
– Det er fantastisk for oss, seier ho, og stiller seg tolmodig opp til neste opptak.
NRK 1 i kveld klokka 19.30.