- Muséet treng meir enn kosmetikk

Publisert

- Vår aller viktigaste oppgåve er å få total rehabilitering av bygga som huser Bergen Museum.

Det seier Siri Jansen som no er formelt tilsett som ny direktør for Bergen Museum. Jansen har vore konstituert direktør sidan august 2002.

- Vi er glade for at opprustning av musea kom inn på UiBs liste over prioriterte byggesaker, etter Studentsentret og Odontologibygget. Førebels jobbar vi med strakstiltak, som maling over vannskader, UV-filter i vindauga, klimaregistrering og rydding i magasina, fortel Siri Jansen. Oppgåvene er mange for direktøren som mellom anna har ein rapport frå Riksrevisjonen å forhalde seg til der det vert avdekka ei rekke manglar ved dei fysiske tilhøva ved Bergen Museum.

Utdannings- og forskingsdepartementet har løyva 5,6 millionar kroner til sikring og bevaring av samlingane og desse pengane vert mellom anna nytta til å utvida magasinareala i Solhaug på Minde. Bergen Museum vonar også på ei løyving frå UiB på neste års budsjett til strakstiltak.

- Det vert uansett berre kosmetikk vi driv med, medan vi ventar på å gå i gong med full rehabilitering av dei to store museumsbygga, seier Jansen.

På universitetsbudsjettet

Alle dei norske universitetsmusea blir no gjenstand for ei offentleg utgreiing for å ”tydeliggjøre disse universitetenes rolle i det norske museumslandskapet”. Siri Jansen deltek også i dette utvalet. Ho seier det truleg fortsatt blir slik at musea skal få sine løyvingar via universiteta sine budsjett og ikkje som øyremerka løyvingar frå UFD eller frå Kultur- og kirkedepartementet slik ordninga er for resten av museums Noreg. Det vert no laga mål- og resultatsindikatorar for universitetsmusea. Mange universitetsmiljø får sine løyvingar basert på vekttalsproduksjon, gradsproduksjon og produksjon av vitskaplege artiklar.

- Det er ikkje uproblematisk å telje aktiviteten ved eit museum seier Siri Jansen som likevel trur det er mogleg å finne måtar å gjere det på, og nemner besøkstal, nye utstillingar og utlån frå samlingane som døme på produksjon. Ho strekar óg under at rehabilitering av bygg og nytt magasinbygg må komme som øyremerka postar utanom det ordinære driftsbudsjettet til UiB.


Ny optimisme

Det siste året har det blitt utforma ein ny strategisk plan for museet som har nærare 46.000 besøkande kvart år. Dei fleste av desse er skuleelevar. Den strategiske planen blir eit viktig verkty for den nye direktøren i arbeidet med å meisle ut ei ny plattform for muséet, som ho meiner i mange år har hatt ein tendens til å komme i skuggen av andre aktivitetar på UiB.

- Vi ønsker å spele ei viktigare og synlegare rolle for UiB og vil jobbe hardt for å få dette til. Vi ønskjer også å auke kontakten med publikum gjennom utstillingar og arrangement. Potensialet er mykje større enn det som vert utnytta i dag.

For trass i sterkt behov for rehabilitering og små løyvingar er museet også prega av optimisme og initiativ. Talet på besøkande aukar, særleg ved dei kulturhistoriske samlingane, og i haust skal det til saman opnast seks nye utstillingar ved Bergen Museum. Frå Naturhistorisk vegbok for Vestlandet med VR-appliksjon, til utstillinga ”Kunsten å sove”. Vidare kan publikum få sjå ”3333 planter frå framtida” – som er ei utstilling av kunstnarar som lagar ”planter” og ei utstilling om religionen Santeria som er ei samansmelting mellom afrikansk gudstru og spansk katolisisme.

Det er også planar om fleire nye utstillingar ved muséet, mellom anna av arkeologi og antropologi.


- Vil styrke forskinga

- Eit viktig mål for oss er også å styrke forskinga basert på dei natur- og kulturhistoriske samlingane vi har her. Vi ønskjar å etablere ein særeigen forskingsprofil som tek vare på samlinganes verdi og som fremmar tverrfagleg forsking.

Powered by Labrador CMS