Museumsbyggjar på museum

Publisert

Han blir hugsa for grunnlov og 1814. No skal ei ny permanent utstilling minne om Wilhelm Frimann Koren Christie ( 1778-1849) som grunnleggar av Bergen Museum.

– Denne utstillinga viser ein mektig avstand til folks kvardagsliv. Men vanlege folk interesserte han, sa førsteamanuensis Hans Jakob Ågotnes frå Institutt for kulturstudier og kunsthistorie under den høgtidelege opninga av utstillinga i De kulturhistoriske samlinger onsdag.

I Christie-rommet er litt av kvart av eigedelar frå eit velståande liv stilt ut: blekkhus, kikkert, eit taffelur, ei medaljesamling og ei natthue av lin med kvit saum og lakseraudt silkefor. Her er rokken og brureskoen til mora hans, feltsenga som han hadde med seg på reiser, reiseapoteket der kamferolja og annan medisin frå 1840-åra enno finst på nokre av flaskene.

Nasjonal bergensar

Med Wilhelm Christie som ein av tilskodarane, frå portrettet i bakgrunnen, kunne Kari Gaarder Losnedahl stolt presentere det nye utstillingsrommet. Gaarder Losnedahl er saman med arkitekt Anne Aspen faglege ansvarleg for innreiinga. I bakgrunnen stod også ein annan Christie, Nicolai Ragnvald, som hadde tatt turen over frå austsida av fjellet, der størstedelen av slekta har slått rot.

– Men vi er alle klare over at det er frå Bergen vi stammar, forsikra den levande Christie.

No var det rett nok i Kristiansund gamle Christie vart født. Men etter juristeksamen i København og eit mellomspel som sekretær i det danske kanselli, sette han kursen mot Bergen og embetet som sorenskrivar i Nordhordaland. Sidan har han vore bergensar så god som nokon. Han var første representant frå Bergen på Eidsvoll i 1814, han leia forhandlingane med Sverige, han var stortingspresident og han har fått hovudæra for bevaringa av Norges sjølvstendige stilling i unionen.

Og han var grunnleggar av Bergen Museum.


Natur og kultur

Ambisjonane var store i stiftingsåret 1825, Bergens Museum var tenkt like stort som British Museum. Heilt slik vart det ikkje, men samlinga vart stor nok, og museet vart eit viktig grunnlag for den seinare etableringa av Universitetet i Bergen.

I den nasjonale reisinga som gjekk føre seg i Norge på 1800-talet var den folkeleg interesserte overklassemannen Christie oppteken av å dokumentere kva som fanst i nasjonen. Christie og andre pionerar engasjerte seg personleg i innsamling og bearbeiding av gjenstandar til samlingane. Han samla sjølv steinar, planter og dyr, sette fiskar og fuglar på sprit, og han prakka ivrig kunsten å stoppe ut fuglar på andre, som rektor ved UiB, Kirsti Koch Christensen muntert uttrykte det under utstilligsopninga.

Christie-utstillinga rommar likevel ikkje berre eit fascinerande utval ting og tang. Gaarder Losnedahl kunne også vise fram delar frå den store mengda originaldokument som Universitetsbiblioteket i Bergen har lånt til Bergen Museum:

– Desse dokumenta viser til fullnads den veldige spennvidda i Christies liv og arbeid. Politikken, arbeidet som embetsmann og administrator og ikkje minst den store innsatsen for å få skipa og bygt opp Bergens Museum.

Christierommet ligg i tredje etasje i De kulturhistoriske samlinger.

Powered by Labrador CMS