Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Politiet etterforskar eit mistenkeleg dødsfall etter at ei kvinne blei funnen daud laurdag kveld.
– Ein daud person vart funnen i Muséhagen laurdag kveld. Det er snakk om ei vaksen kvinne, og dei pårørande er varsla, fortel politiførstebetjent Hilde Reikås til På Høyden.
Ventar på obduksjonsrapport
Verken førebels eller endeleg obduksjonsrapport er ferdig, og politiet kan difor ikkje svare på om dødsårsaka er knytt til rusmisbruk, eller om andre grunnar ligg bak.
– Det har ikkje vore meldingar om overdosedødsfall i Muséhagen så lenge eg har jobba ved UiB, men det er ikkje sikkert at vi får meldingar om alt som skjer, seier overingeniør Tore Reigstad ved Eigedomsavdelinga ved UiB.
Betre etter nattestenging
Han har jobba ved UiB sidan 2008, og har ansvar for tryggleiken. 25. august blir delar av øvre Nygårdsparken stengt av. Planen er å jage bort rusmisbrukarar og langarar. 1. juli opna to mottaks- og oppfølgingssentre, på Wergeland og Nesttun, men desse har ikkje sprøyterom, slik ei rekke fagfolk ønskjer. Det er difor knytt stor spenning til kor miljøa kjem til å reetablere seg.
– Dei siste åra har vi sett endringar til det positive når det gjeld Muséhagen. Det har vi fått heilt klare tilbakemeldingar frå gartnarane om. I sommar stengjer vi parken klokka 2000, mens resten av året er han stengt frå klokka 1800, fortel Reigstad.
Stenginga kom i gang igjen i oktober i fjor, etter at portane hadde vore i ustand i ei årrekkje.
– Stenginga har gitt gode, positive ringverknader. Det har og vore ei stor forbetring ved Knut Fægris hus, etter at ei gjerde blei sett opp igjen, seier overingeniøren.
Ventar betre haust
Han er òg optimist på UiBs vegne når det gjeld stenging av parken.
– Eg trur hausten kjem til å bli fin på Nygårdshøyden, mens andre kjem til å merke det. Eg trur misbrukarane kjem til å trekke nærare byen. Sentrum, Nygårdsgaten, Florida, Danmarks plass, Bergen storsenter og HiB vil gjerne på større trafikk. Men vi kan òg vente at alle bygg rundt sjølve Nygårdsparken vil få større merksemd frå rusmisbrukarar, seier Reigstad.