Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Som oftast hugsar vi ikkje filmmusikken når vi går ut av kinosalen, men kva hadde filmen vore utan musikk? Professor Peter Larsen har skrive bok om dette fenomenet som vi ofte overser.
– Då lydfilmen vart innført, gjekk det faktisk nokre år der det var vanleg å lage film utan musikk. Ein var så begeistra over dialogen. Filmen vart brått så mykje meir realistisk, at ein meinte at musikk ikkje passa inn, fortel Peter Larsen. Etter kvart som lydfilmen vart innarbeidd og den første eksperimentelle perioden var tilbakelagt, kom filmmusikken tilbake. Filmen fungerte rett og slett ikkje utan. Men i følgje Larsen er det symptomatisk at filmmusikken forsvinn i periodar der filmskapinga er svært realistisk orientert, som i dei nordiske Dogme-filmane. Filmmusikken har mange funksjonar. Han kan understreke omslag i handlinga, fungere som ein vekkar, eller leie merksemda mot ein spesiell person eller eit fenomen, som når vi høyrer keisarmarsjen eller melodien til Luke Skywalker i Star Wars. Musikken kan vere ein forteljarreiskap, eller legge opp ei stemning. I byrjinga var filmmusikken symfonisk musikk, og den tidlege lydteknologien vart paradoksalt nok utvikla med tanke på å formidle den delen av kinoframsyninga som ikkje var film. Berre med gode lydsystem kunne kinopublikummet på landsbygda få høve til å oppleve symfoniorkester og populære artistar som elles berre framførte musikk i storbykinoane. På slutten av sekstitalet innsåg ein at soundtracket til ein film kan generere ekstra profitt, og at film og musikk gjensidig kan befrukte kvarandre. Larsen nemner filmen ”The Graduate” frå 1967 som døme.
Larsen er professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap, og har nyleg gjeve ut boka ”Filmmusikk - Historie, analyse, teori” på Universitetsforlaget.
– Men i det store og heile har filmmusikken med kontinuitet og tradisjon å gjere. Dei første filmane blei viste på varietear og liknande arrangement, der det også var musikalske innslag. Praksisen med levande musikk vart teken med over i kinosalen, seier Larsen.
”Mickey mousing”
– Praksisen på 30-talet likna den ein har i dag: Musikken var koordinert med handlinga. Nokre av 30-talsfilmane er nesten som ballett å sjå på. Alt folk gjer, er akkompagnert av musikk. Slikt blir av og til kalla mickey mousing: Det minner om teiknefilm på den måten at alt er synkronisert. Komponisten komponerte musikken spesielt for filmen, og den første tida vart musikken spelt inn av symfoniorkester som fekk sjå filmen på eit stort lerret medan dei spelte. Ein utvikla mange hjelpemiddel, som lysglimt eller klikkerytmar, for å dele opp filmen og tilpasse musikken slik at kvart taktslag kom der det skulle.
Musikk er som fargar
– Ein seier gjerne at ein ikkje høyrer filmmusikken. Dels har det med vår måte å sjå film på, dels er musikken skriven for at vi ikkje skal leggje merke til han. Det ville øydeleggje filmopplevinga om vi heile tida høyrte musikken. Eg samanliknar ofte musikken med fargar. Ein tenkjer ikkje eksplisitt over fargane i filmen, med mindre det blir gjort eit poeng av det. Vi opplever heilskapen, og fargar, dialog, rørsle og musikk er alt saman element i heilskapen. Dårleg filmmusikk er musikk som trekk merksemda mot seg sjølv, seier Larsen.
Unnataket er shownummer der ein skal leggje merke til musikken. Som den berømte scena i 2001: A Space Odyssey, der romskipet og romstasjonen dansar til tonane av Johann Strauss’ An der schönen Blauen Donau. Slikt blir ofte også nemnt i filmomtalane i avisene, der filmmusikken elles er så godt som fråverande.
Orkester på landsbygda
I dag blir alt mogleg brukt som filmmusikk.
– Quentin Tarantino vel nok musikken sin sjølv, men elles har nok produksjonsselskapet ei musikkavdeling som gjer det. Nokre gonger blir det meir tilfeldig enn andre gonger. Ein moderne film kan godt ha både symfonisk musikk og popmusikk. Romantiske komediar har til dømes ofte eit veldig blanda lydspor: Svulmande, nyskriven musikk i dei kjensleladde partia, og poplåtar imellom.
Soundtrack gjev ekstrainntekter
– Paul Simon vart beden om å skrive musikken, men fekk det ikkje heilt til. I staden brukte dei gamle Simon-&-Garfunkel-songar. Resultatet var at Simon og Garfunkel spratt rett opp på hitlistene att, og filmen var med på å booste det neste albumet deira.
Med tida er det blitt slik at soundtracket til ein film ofte lever sitt eige liv. Nokre filmmusikkomponistar har nærast oppnådd kultstatus, slik som John Williams, som har laga musikken til mellom anna Star Wars og Harry Potter-filmane. Filmmusikken er blitt ein del av ein stadig større spin-off-industri som også inkluderer alt frå T-skjorter til skjermspararar.
– I ein viss forstand er det å lage filmmusikk ei utakksam oppgåve. På same måte som med lysmannen og fotografen, er det ingen som legg merke til arbeidet ditt. Folk går for å sjå ein film med Bruce Willis, ikkje ein film med musikk av John Williams. Men film er industri. Det er ein arbeidsdelt prosess, der dei einskilde delane er sett vekk til ekspertar. Musikken er ein del av dette arbeidet på same måte som foto og klipp. Samstundes dukkar det opp kultfigurar innimellom. Bernard Herrman, som skreiv musikk for Alfred Hitchcock, skreiv også for konsertsalen. Og musikken frå Star Wars er den mest selde innspelinga av symfonisk musikk!