Tine sine ugler

Publisert

Juleugla står fremst no i desember. Fuglen, som har fått raud lue på, er ein del av viserektor Anne Christine «Tine» Johannessen sitt uglekor. Her er store og små, nye og litt eldre visdomsfuglar samla på ei hylle.

– Eg hadde eit par ugler på professorkontoret. Det var det nokre av stipendiatane mine som la merke til, og dei tok med seg ugler i gåve til meg når dei var på reise, fortel Johannessen.

Det var då ho vart viserektor for internasjonale relasjonar i 2013 at uglesamlinga begynte å veksa fortare. No prøver Johannessen nemleg å kjøpa med seg ei ugle heim frå dei ulike landa ho besøkjer – som eit minne.

Viserektoren er litt uglekresen: Ikkje meir enn om lag hundre kroner bør dei kosta, og dei skal helst vera små. Men av og til bryt ho sin eigen regel: Førre veke kom ho heim frå Namibia med ei stor ugle. Den svarte fuglen er laga av metallrestar, og ser eigentleg litt skummel ut.

– I nokre land er ugla knytt til magi, og fuglen kan òg bringa ulukke, seier Johannessen.

Med i samlinga er både den aller første ugla ho fekk i gåve – ei lita porselensugle frå professor Gisle Bang – og ugler frå ektemannen og dotra. Det er hekla ugler, treugler og steinugler.

– Denne er styggpen, seier Johannessen og viser fram ei ugle laga av ulike skjel. Den var ei gåve frå ein av stipendiatane hennar, og kjem frå Kina.

Og juleugla? Den var det prorektor Anne Lise Fimreite som fann, og kjøpte i gåve til kollegaen.

– Det er jo ikkje sikkert at du skal vera viserektor til evig tid. Kva skal du gjera med uglene då?

– Då må eg få meg ein monter. 

Powered by Labrador CMS