Mykje skryt til HEB

Publisert

Program for helseøkonomi (HEB) ved Rokkansenteret har blitt evaluert av eit nordisk ekspertpanel og har fått svært god omtale. Panelet tilrår at programmet får fortsetje etter at den 5-årige prøveperioden er over ved utgongen av 2004.

Komiteen har mellom anna trukke fram at HEB er eit miljø med svært engasjerte og dedikerte forskarar, med forsking på internasjonalt nivå, samt at miljøet har bygd opp mange stipendiatar. Jan Erik Askildsen, leiar for HEB og professor i samfunnsøkonomi, seier at dei er svært nøgde med evalueringa, og kjenner seg igjen i den.

- Evalueringspanelet har oppfatta riktig kva vi har prøvd å gjere. Vi har prøvd å skape eit kompetansesenter innanfor helseøkonomi, bygd det opp frå grunnen, først og fremst rundt yngre forskarar som jobbar heiltid på programmet. Rapporten stadfester at vi har lukkast med arbeidet vårt og at vi har valt ein god modell som no er godt etablert og bør fortsetje.

Riktige strategiske val

Senteret har hatt som målsetjing å bygge opp eit miljø som kan utføre oppdrag og drive forsking på helseøkonomiske problemstillingar på høgt, fagleg nivå. Dekan ved SV-fakultetet, professor Alf Erling Risa, som også er leder i det lokale programstyret for HEB, meiner evalueringa gjer godt greie for at dei strategiske vala som HEB gjorde då dei valde å satse på unge forskarar som blir utdanna særskilt innan helseøkonomi var rett.

- Vår tanke var at for å etablere eit kompetansesenter treng ein tilstrekkeleg mange yngre helseøkonomar som kan gjere jobben. Det har vi lukkast med, seier Risa.

Undervegs i evalueringa har HEB fått komme med innspel til evalueringsgruppa. I mai 2003 leverte dei ei evaluering av eiga verksemd, og i august kom ekspertgruppa på vitjing til UiB. Evalueringsgruppa har hatt fire medlemmer, frå Danmark, Finland og Sverige, og med bakgrunn i økonomi og helsefag.


Tilrår helseøkonomi både ved UiB og UiO

Heilt sidan programmet vart oppretta i 1998 har det vore eit premiss at HEB konkurrerer med eitt tilsvarande miljø ved Universitetet i Oslo, HERO (Helseøkonomisk forskningsprogram ved Universitetet i Oslo). Berre eitt av miljøa var meint å skulle vidareførast etter dei fem første åra, og det skulle vere det fagmiljøet som vart vurdert som sterkast i den evalueringsrapporten som no ligg føre. No ser det derimot ut til at det vert uavgjort i kampen mellom Bergen og Oslo. Evalueringsgruppa meiner at begge programma har vore ein suksess. Dei tilrår at begge får fortsetje, ikkje minst på grunn av at dei er så ulike, og likevel fungerer svært godt. Jan Erik Askildsen er einig i at det vil vere ei betre løysinga og la dei to sentra fortsetje som separate einingar enn å slå dei sama til eit senter, som er ein modell evalueringskomiteen også har vurdert, uten å gå for en slik løysing.
- Kvart senter har utvikla ein eigen identitet, og det er vanskeleg å lage ordningar kor ein spesialiserer seg på enkelte felt og til dømes har felles administrasjon. I dag samarbeider vi om somme aktiviteter og det vil vi sjølvsagt fortsetje med om begge fortset.


Trur programmet vil fortsetje

HEB får altså spesielt god omtale for doktorgradsutdanninga innafor helseøkonomi. HEB har engasjert fleire stipendiater som har fullført som doktorgrad med finansiering og veiledning frå HEB. I tillegg er det avlagt fleire andre doktorgradar ved Universitet i Bergen og hos samarbeidspartner Norges Handelshøykole. Desse har vore i nært samarbeid med og knytta til aktiviteten i HEB. HEB får også svært god omtale for si evne til å ”skape felles engasjement og entusiasme”.

- Vi har altså lagt vekt på engasjere yngre forskarar og gjere det mogleg for dei å utvikle seg som forskarar med helseøkonomi som sitt forskningsfelt, snarare enn å bygge miljøet rundt å trekke inn meir etablerte forskarar på deltid. Evalueringsgruppa peiker på at ein slik strategi, der ein i stor grad satser på forskarar som ikkje er etablerte i feltet, vil føre til noko færre publikasjonar. Likevel er HEB no vel etablert, vi publiserer internasjonalt basert på arbeidet i forskningsprogrammet, vi har eit internasjonalt nettverk, og vi samarbeider godt med helsesektoren. Gitt denne evalueringa er der veldig gode argument for at programmet skal fortsetje, seier Jan Erik Askildsen.

27. februar skal representantar for helseøkonomi-miljøa i Bergen og Oslo møtast til seminar hjå Norges Forskingsråd, der evalueringsrapporten skal presenterast. Endeleg tidspunkt for avklaring på framtida for HEB og HERO er førebels ikkje kjent.

Powered by Labrador CMS