Namnekonkurransen er over

Blekksprut, Uglenytt eller UiB At The Peak. Sjå lesarane sine forslag og sjekk kva nettavisa På Høyden kan heite i framtida.

På Høyden sitt styre vedtok i fjor at På Høyden skulle vurdere å skifte namn.

 – På Høyden er eit godt og innarbeidd namn. Men det har òg nokre svaktheiter: Det inkluderer ikkje heile UiB, og det kling ikkje godt internasjonalt, sa På Høyden-redaktør Dag Hellesund då konkurransen vart opna.

Eit navnebyte kom etter intitiativ frå Universitetsstyret, fortel styreleiar Stein Kuhnle

– Namnet er veldig norsk, med norske bokstavar. Det er mange tilsette ved UiB som ikkje er norske. 

Redaksjonen har ønska at lesarane skal få seie si meining om kva namn som i framtida skal nyttast om UiB si nettavis. I løpet av dei siste vekene har vi fått inn ei rekkje gode framlegg til omdøypinga.

«UiB Dagleg» var framlegget frå ein lesar. Det kunne lett også fungere på engelsk, ved å endre namnet til  «UiB Daily».

Åttearma blautdyr
Ein annan lesar meinte På Høyden burde ta namnet «Blekksprut».  

– Står både for dyret og for blekk som forhåpentligvis sprutar av journalister og andre skribentar, skreiv lesaren som grunngjeving. Ho meinte at namnet også fekk ein ekstra dimensjon ved bruk av det engelske «Octopus», ettersom UiB som blekkspruten har åtte armar: Seks fakultet pluss Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket.

Fleire lesarar meinte vi burde halde oss i dyreriket. Ein lesar kom med framlegg om «Ugleposten», eventuelt «Uglenytt», med den engelske varianten «The Owl News».  Redaksjonen syntes dette var eit spanande framlegg, men ser eit klart aber: «Owl News» lettforvekslast med «Old News». Vi er redde for at dette kan gje eit feilaktig inntrykk, ettersom vi strebar etter å vere aktuelle og på hogget, og gjerne vil unngå å drive distribusjon av ting alle har høyrt før. Redaksjonen vurderte difor også det andre framlegget: «The Owl Post».

Ugle-sporet vart støtta av fleire lesarar.

– Ettersom vi alt har «Hubro» på UiB, kvifor ikkje kalle nettavisa «Bubo»? spurde ein lesar.

Ho er på linje med ein student ved UiB, som sender inn forslaget UBubo.

­– Bubo bubo (Hubro) reflekterer universitetets logo, UB beskriver ganske enkelt Univeristas Bergensis .

God latin
Ein annan lesar påpeika at det å vere årvaken er eit godt mål for På Høyden, og foreslår namnet «Vigilantia». Ein anan lesar er òg på latinobølgja, og kjem med framlegg om «Bergensis». Fleire forslag speglar den uavhengige vaktbikkje-funksjonen til På Høyden, noko som ein saman med humor kan finne igjen både i «Vaktuglen» og «Uglesett».

Internasjonalisering på alvor
– Det heiter «don’t change a winnng team». Titlar som Hubro, Apollon og Gemini hadde sikkert vore fine navn hvis UiB, UiO og NTNU var blant dei leiande universiteta i Europa, men dei vert opplevd som «innhaldslause namn». Lat oss halde på namn som særpregar UiB, skriv ein lesar.

Den same lesaren ber om at På Høyden også skriv stoff på engelsk. 

– Tida er vel overmoden for at også På Høyden tek internasjonalisering på alvor og begynner å publisere artiklar og nyheitsstoff på engelsk for ei stor ikkje-norskspråkleg lesargruppe i utlandet og her heime. I så fall på ein også finne eit namn på den engelskspråklege utgåva som gjev god assosiasjon og referanse til UiB. Kanskje noko så banalt som «UiB At The Peak»?

– Dropp «campus»
På Høyden er ifølge forkjemparane eit namn med sterke kvalitetar. Karl-Fredrik Tangen, som er førstelektor ved Markedshøyskole, åtvara i forkant av konkurransen mot å byte ut namn som er narrative, slik På Høyden er.

– Eg synest namnet er fint, og eg synest det kan forsvare Bergen som studiestad. Å kalle avisa noko sånt «university of campus» vert feil. Navnet kan fungere i utlandet nettopp fordi det har å og ø i seg – då ser ein at det er norsk, sa Tangen til På Høyden.

Han får støtte frå Helge Østbye, professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap. Han meiner På Høyden er eit greit og morsomt namn.
– På Høyden er tungt innarbeidd, og vi som er mest aktuelle som lesarar veit kva namnet dreiar seg om.

No vil redaksjonen og styret i På Høyden vurdere namna saman. 

– Vi er så heldige å ha engasjerte og kreative lesarar, og er godt nøgde med forslaga. Vi vil no sjå nærare på namna. Om vi byter namn må det nye namnet klinge betre enn det gamle, seier ansvarleg redaktør Dag Hellesund.

I Oslo heiter den uavhengige universitetsavisa Uniforum, mens den i Trondheim er kalla Universitetsavisa. Høgskolen i Oslo og Akershus får i løpet av våren ny, uavhengig avis med namnet Khrono. 

Ny drakt
Noko kjem uansett til å verte nytt med UiB si nettavis. Ei ny publiseringsløysing er på trappene. Med dette får På Høyden ein heilt ny utsjånad og ein meir lesarvenleg layout.

 

Powered by Labrador CMS