Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det kurdiske folket har ikkje noko nasjonalbibliotek eller nasjonalmuseum til å ta vare på dei kulturelle røtene deira. 4 til 6. september møter kurdiske forskarar og intellektuelle nordiske forskarkolleger i Bergen for å diskutera korleis den kurdiske kulturen kan overleva - og korleis ein best kan ta vare på den.
– Kurdiske nasjonalskattar har blitt plyndra eller definert som tyrkiske eller persiske. Det finst ingen institusjonar som kan ta vare på kulturarva vår og når ein mistar kulturelle symbol mister ein også referansar og haldepunkt som er viktige for identitet. Derfor er det uhyre viktig for kurdarane at vi grip fatt i desse spørsmåla, seier Haci Akman, førsteamanuensis ved Institutt for kulturstudier ved UiB og koordinator for den internasjonale nordisk-kurdiske kuturarvskonferansen i Bergen. Gjennom tidene har den kurdiske kulturelle arva møtt stor motstand, noko alle dei kurdiske flyktningane i Europa - og også i Noreg ber bod om. Dette er den første internasjonale konferansen som fokuserar på den kurdiske kulturarva. Og ein spør mellom anna korleis ein kan ta vare på ei arv som ikkje blir anerkjent i dei landa i Midt-Austen der majoriteten av kurdarane er busett. Med røtene i ein av dei eldste kulturane i verda, den mesopotamiske, kjenner kurdiske folk seg som ein nasjon, trass i at dei kurdiske områda er spredt over fire land i Midt-Austen, Tyrkia, Iran, Irak og Syria. Innanfor grensene til desse nasjonalstatane bur det omlag 32 millionar kurdarar. Medan omlag åtte millionar lever i diaspora, av desse er omlag 45000 busett i Norden. At folka er busett i ulike land og manglar ein nasjonalstat gjer at arbeidet med kulturarva blir vanskeleg. Senter for utviklingsstudier (SFU) er involvert i ei rekke prosjekt som er knytt til kulturarv. SFU er mellom anna involvert i ei rekke arkeologiprosjekt i land i Afrika og Asia, og kulturarv og identitet i Mellom-Amerika og Midt-Austen.
Konferansen er eit samarbeid mellom Senter for utviklingsstudiar og Institutt for kulturstudiar ved UiB.
Her skal forskarar og intellektuelle frå Norden og Kurdistan møtast for å belysa ulike sider ved kurdisk arv og kultur og sjå på denne kulturelle tradisjonen frå mange ulike vitskaplege perspektiv. Blant UiB-forskarar som tek del er mellom anna historieprofessor Terje Tvedt og arkeologiprofessor Randi Håland. Tre universitet, eitt i Iran og to i nordlige Irak blir rekna som kurdiske. Ein del av dei omlag hundre deltakerne på konferansen kjem frå desse universiteta, mens ein del er forskarar og kulturpersonar som lever i eksil. Mellom anna i Storbritannia, Sveits, Østerrike og Sverige. Blant desse er forfattaren Mehmet Uzun som har skrive fleire romanar som er oversett til norsk. Uzun er busett i Sverige.
Kva har kulturell verdi?
– Under konferansen vil vi legga vekt både på den materielle og ikkje-materielle delen av den kurdiske kulturen og diskutera kva som kjem inn under kulturvernomgrepet. Konferansen fokuserer også på kvinnene si sentrale rolle som bærarar av kulturen, seier Haci Akman.
Akman trur uansett at nordisk kulturvern kan vera ei kjelde til inspirasjon for dei kurdiske deltakarane på konferansen.
– Gjennom yrket eg har vald etter at eg kom til Noreg for tjue år sidan har eg lært noko om korleis ein tek vare på kulturarva. Ein gong var eg med og registrerte 86 norske utedoar som kulturminne. Dette tilsynelatande latterlege dømet set ting i perspektiv. Kva er det vi skal ta vare på og kva er det som gjev ting verdi? spør Akman som ønskjer å opna eit kurdisk museum, gjerne i Bergen.
Ein gammal kultur
– Gjennom konferansen vonar vi å etablera sosiale nettverk og forskarnettverk som består av kurdiske og nordiske forskarar og intellektuelle. Forhåpentlegvis blir dette blir starten på ein viktig kontakt - og i forsetjinga ønsker vi mellom anna å halda ein konferanse i Iransk Kurdistan der vi inviterer nordiske forskarar, seier Haci Akman.
Støtta av UD
– Vi fann det og naturleg at vi nvolverte oss i denne konferansen. Fleire av våre forskarar arbeider med fokus på vatn og samfunn, vatn og kultur. Ein av årsakene til at kurderspørsmålet er så “uløyseleg”, er at Kurdistan er eit fleir-nasjonalt nedslagsfelt for det vatnet sentrale delar av Midt-Austen er avhengig av.
– Når vi vart spurt om vi kunne bistå på denne konferansen om kurdisk kulturarv var det også fordi ei viktig oppgåve for SFU er å initiera og støtta nye aktivitetar innanfor vårt arbeidsfelt, seier kontorsjef ved SFU, Ove Stoknes. Han er imponert over den gode responsen konferansen har fått og meiner mange har sett verdien av å arrangera ein upolitisk forskerkonferanse om kurdisk kultur. Blant dei økonomiske støttespelarane er norske UD, HF- og SV-fakulteta, samt Internasjonalt Kontor og Institutt for kulturstudier ved UiB. Bergen Kommune gjev ei mottaking for dei inviterte forskarane på konferansen. I etterkant av konferansen blir det kurdisk kulturkveld og kurdisk filmfestival, arrangert av Cinemateket.