Når religionar møtest

Publisert

Eit hundretals religionsvitarar frå heile verda sette kvarandre stevne i Bergen før helga. European Association for the Study of Religion (EASR) heldt sin tredje kongress, og vertskap var Seksjon for religionsvitskap.

– Religionsvitskap er blitt ein del av samfunnsdebatten og politikken. Sjå berre på dei religiøse sidene ved Irak-krigen, eller debatten om KRL-faget i skulen, seier professor Einar Thomassen ved Seksjon for religionsvitskap på Institutt for klassisk filologi, russisk og religionsvitskap.

– I alle dei europeiske landa står religionsvitarane overfor om lag den same situasjonen. Mange kjenner seg forplikta til å uttale seg om stadig større og viktigare samfunnsaktuelle tema. Då er det også viktig at vi har diskusjonar oss imellom, og denne kongressen er eit slikt forum.

EASR er eit nettverk for forskarar og forskingsmiljø innanfor religionsvitskap i Europa. Kongressen fungerte også som ein spesialkonferanse for International Association for the History of Religions (IAHR), som er det verdsomspennande motstykket til EASR. Konferansen hadde i underkant av 100 påmeldte deltakarar, og føregjekk i tre parallelle sesjonar kvar dag.

Aukande konfrontasjon

Tema for kongressen var globalisering og lokalisering av religion. Thomassen meiner det er eit akuelt tema.

– Religionar møtest og blir konfronterte med kvarandre i sterkare grad enn tidlegare. Dei konkurrerer, men må samstundes tilpasse seg kvarandre og vise toleranse. Det innverkar i neste omgang på korleis dei utviklar seg. Samstundes som mange legg vekt på økumenikk, får andre eit auka markeringsbehov. Det gjev grobotn for både dialogorienterte grupper og for dei meir konservative og fundamentalistiske.

Konferansen heldt hus på Dragefjellet, og tre føredragssesjonar gjekk parallelt alle dagar. Ein av dei som var i ilden fredag 9. mai, var professor Håkan Rydving ved Seksjon for religionsvitskap. Han snakka om epistemologiske problem ved bruk av globale omgrep henta frå lokale tradisjonar, med omgrepet «sjaman» som døme. Rydving har spesielt studert samisk religion med utgangspunkt i dei samiske språka.


Tilslørande omgrep

– Mange religionsvitarar ser ut til å meine at det ikkje er nødvendig å kunne språket til eit folk for å studere religionen deira. Men språk og religion heng nøye i hop, meiner han.

– Ordet «sjaman» inneheld ikkje berre ein funksjon, men også historie og geografi. Det kjem opprinneleg frå eit sibirsk folkeslag, evenkane, der det hadde ulike tydingar i ulike grupper. Seinare er det blitt abstrahert av forskarane, som har definert innhaldet i ordet. Det er freistande å bruke ordet, men det kan ofte gøyme meir enn det avslører. Vi trur vi kjenner innhaldet, og dermed ser vi berre det vi ventar å sjå, men blir blinde for andre tydingar.

Rydving peikar på at dei personane som har fått tittelen sjaman av forskarane, ofte er like innbyrdes ulike som ein snekkar er frå ein taxisjåfør.

– Det blir lett slik at vi konstruerer relasjonar som ikkje finst i røynda. Fenomenet eksisterer ikkje der ute, men berre inne i hovudet til forskarane, forklarer han.


Må kunne språket

Han meiner det er essensielt for ein religionsvitar å kunne språket til religionen han studerer.

– Elles kan ein lett bli styrt av omgrep ein kan frå før. Kvar kultur har ei mengd termer for ulike religiøse funksjonar. Hos oss har vi til dømes prest, pastor, biskop, som alle er ulike. Slik er det også hos folk som samane, men her blir alt til sjamanar. Kvifor bruker vi ikkje heller dei lokale omgrepa?

Den manglande viljen til å lære språk, er på sett og vis uttrykk for ei koloniell haldning, ifølgje Rydving.

– Alle veit at skal ein studere fransk kultur skikkeleg, må ein kunne fransk. Men kor mange ekspertar på samisk eller inuitisk kultur kan språket til kulturen dei studerer? Forskarane er sjølvsagt ikkje vondsinna. Dei tenkjer berre ikkje over samanhengen dei står i. Men vi kan ikkje tru at vi, når vi tek med bandspelaren og bankar på dørene deira og stiller våre spørsmål på eit framand språk, at vi får heilt sanne og utfyllande svar. For å få skikkelege opplysingar, må ein byggje relasjonar, og då er det viktig å kunne språket.


Utstilling på UB

I samband med EASR-konferansen er det sett opp ei utstilling på HF-biblioteket. Utstillinga tek for seg det rike spekteret religionen tilbyr menneska, mellom anna i politikk, i kunst og i den kulturelle arven. Utstillinga består av bøker, hovudfagsoppgåver og religiøse rekvisittar.

Powered by Labrador CMS