Når stader vert kulturarv

Publisert

Kva er ein stad? Og kva skjer når ein industristad får status som kulturarv? Hardanger er i sikte for ei forskargruppe frå UiB.

– Dei som bur i Odda føler at alle har ei meining om staden Odda, seier Asbjørn Engevik.

Han er arkeolog, seniorkonsulent ved Universitetsmuseet og med i forskargruppa som jobbar med stadar, regionar og identitet. Dei har særleg sett på Hardanger: Industristaden Odda, Eidfjord med sine gravfelt og Røldal, som var ein viktig pilgrimsstad.

– Ein innfallsvinkel til studiet av stader er at noko vert ein stad først når individ assosierer røynsler og forteljingar med han, har eit forhold til staden og gir han meining. Det skriv professor Torunn Selberg, som òg leiar prosjektgruppa, i forordet til boka «Kulturelle landskap. Sted, fortelling og materiell kultur».

– Fram til 1980-talet meinte forskarane at det var staden som skapte folk. No er den rådande tankegangen at ein stad er ein kulturell storleik, og at det først vert ein stad når det skjer meiningsfull aktivitet der, seier førsteamanuensis Hans-Jakob Ågotnes.

Unesco – eller ikkje?
I Odda har debatten rast i mange år. Verna eller ikkje verna? Unesco – eller kjøpesenter? Eller ei Ole Brumm-løysing med begge deler?

I 2009 starta prosessen med å få Notodden, Rjukan og Odda/Tyssedal inn på Unesco si verdsarvliste. I 2011 freda Riksantikvaren Odda Smelteverk – med unntak av kalkomnane. Men i fjor tok Riksantikvaren Odda og Tyssedal ut av samlesøknaden. Ifølgje Hardanger Folkeblad har riksantikvar Jørn Holme uttalt at dette mellom anna skuldast manglande oppslutning lokalt.

Med utgangspunkt i nettopp Odda ønskjer forskarane å seia noko om kva prosessar som ligg bak etablering av kulturarv.

Gruppa sitt utgangspunkt er at menneske sitt forhold til fortida er ein kulturell føresetnad i det seinmoderne samfunnet. Forholdet vert uttrykt mellom anna i ei aukande interesse for kulturminne og kulturarv.

– Me ønskjer mellom anna å sjå på dei globale prosessane, seier Ågotnes.

– Unesco og deira verdsarvstatus gjer verdsarvstader like – fordi ein har nokre kriterium for kva som er verdsarv og ikkje. Det vert illustrert i Odda fordi ideen om smelteverkstomta som kulturarv er omstridd. Då kjem ulike verdiar knytta til fortid og kulturarv til syne.

Kva er kulturarv? Asbjørn Engevik har laga illustrasjonen som viser kva som kan verta sett på som kulturav i ulike epokar. Ill: Asbjørn Engevik

Viser til stavkyrkjene
– Forholdet til fortida er ein kulturell prosess som vert uttrykt i kulturavrprosessen, seier Selberg.

– Kulturarv er ein eigenskap eller verdi. No er det ingen debatt om kva verdi stavkyrkjene har, men dei vart rivne heilt fram til 1860-talet. Då ein oppdaga at dei hadde stor verdi var det fordi J.C Dahl i sine maleri viste fram stavkyrkjene som døme på gotisk arkitektur i Noreg, illustrerer Ågotnes, som er historikar.

No er det historia som skal verta kulturarv. Dei siste åra har mykje endra seg. Dei gamle fabrikkane vert lagt ned – eller får ny aktivitet. Samstundes får industristadane meir merksemd, eller i alle fall anna merksemd, enn tidlegare.

– Ein viser mellom anna vakre bilete av nedrusta sildeoljefabrikkar. Men det er andre uttrykk – og òg konflikter – i Odda, seier Ågotnes.

Ein moderne stad
Journalist Eva Røyrane skriv i innleiinga til boka «Fabrikkbyane i Hardanger. Husa i industrilandskapet» at «At eit smelteverk skal vera verneverdig, strir mot oppfatninga til folk flest om kva som er viktig kulturarv. Rusta og stålplatekledde bygg står som symbol på det skitne og ureinande, dette appellerer ikkje utan vidare til kulturvern. Eit smelteverk er alt anna enn ei stavkyrkje». Røyrane viser korleis fabrikkbyane vart bygde – og kor moderne dei var.

– Med fabrikken fekk Odda symjehall, bibliotek og ny skule. Det vart ein moderne by med alle dei positive og negative sidene det fører med seg. Geografisk er byen ein del av Hardanger, men ein tenkjer ikkje på han som ein del av den regionen. Hardanger har andre symbolverdiar, seier Selberg.

Forskargruppa har vore på fleire ekskursjonar til Hardanger, og i fjor vart konferansen «Global heritage – local context» arrangert.

– For oss er det viktig å arbeida tverrfagleg. Me skal mellom anna ha arkeologiske utgravingar på smelteverkstomten, og då er det godt å ha kulturvitarane med. Me ønskjer òg innspel frå dei som bur i Odda, seier Randi Barndon.

Ho er arkeolog og førsteamanuensis ved AHKR.

Sosiale strukturar
– Odda er ingen post-industriell stad, sidan det framleis er industri der. På den andre sida var smelteverket hjørnesteinsverksemda, difor kan Odda òg ha noko post- over seg. Industrien har skapt nokre interessante sosiale strukturar. Kva skjer med dei når det ikkje er industri der lenger, spør Engevik.

Dei sosiale strukturane viser seg òg i den immaterielle kulturen.

– Det er spanande og viktig å sjå på måten folk fortel på, og måten dei vitsar på. Historiene handlar ofte om korleis arbeidarane, som har helterolla, lurer leiinga, og elles er det mykje snakk om alkoholbruk og anna som kan støta moralen, seier Ågotnes.

– Og så er det historia om at det var så billig straum i Tyssedal at ein hengde omnen ut av vindauga for å få ned temperaturen, humrar Selberg.

Framsidefoto: Asbjørn Engevik

 

Powered by Labrador CMS