Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Thatcher og Reagan prøvde å avgrensa det britiske og amerikanske folket sin tilgang på statistikk med å gjere det til ei lukka betalingsteneste. - Ein livsfarleg strategi for eit demokrati, seier førsteamanuensis Linda Sangolt, UiB.
Juni 21-23.juni held Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitenskap og Sosiologisk institutt, UiB ein konferanse med temaet ”Politikk og kunnskap: Å demokratisere kunnskap i ekspertens tid. Konferansen er ein del av doktorgradsutdanninga på desse felta. Ho meiner Thatcher og Reagan då dei sat ved makta på 1980-talet ikkje såg konsekvensane av å kommersialisere offentleg statistikk, og dermed avgrense folket frå kritisk kunnskap. Organisasjonsforskaren fortel at styresmaktene i England og USA det siste tiåret har prøvd å rette opp at den frynsete tilliten til offentleg statistikk. - Kvifor meiner du at statistikk så sentralt for eit demokrati? Det fins jo så mange typar ekspertkunnskap. Ho meiner det også er viktig å spørje seg kva type kunnskap ein bør ha som deltakar i demokratiet. Deltakinga til EU-vala no er nede i 45 prosent i gjennomsnitt. Ein av grunnane til den lave deltakinga er at folk har for lite kunnskap – og truleg også lav tillit til dei demokratiske styringsorgana. Dette er eit stort samfunnsproblem, seier Sangolt.
Den vil i særleg grad fokusere på om det i vår tid har oppstått er ei fundamental kløft mellom kunnskapssamfunnet og demokratiet, om sterke grupper i stadig større grad kjøper ekspertar for pengar og om desse ekspertane har for stor innverknad på politikarane sine val. Linda Sangolt, som er tilsett ved Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap, skal legge fram eit paper om statistikk i England, USA og EU på konferansen.
Marknadsliberalisme
- Legitimiteten til statsapparatet i England vart sterkt svekka i denne perioden. Ein viktig årsak til dette var at Thatcher kjørte den marknadsliberalistiske linje heilt inn det offentlege statistikkbyrået. Ho ville kutte ned på kostandene og få meir ”value for money”. Thatcher meinte også at det var dei styrande som treng statistikken. Dette skada både folket sin tillit til politikarane og statistikkbyråa og tok i tillegg frå folket kritisk informasjon når dei skulle stemme ved val, seier Sangolt.
Ho seier at kommersialiseringa gjorde at det folkeopplysande prosjektet statistikken var tufta på vart borte. Sangolt har tatt doktorgrad på britisk og norsk petroleumsstatistikk og såg på korleis det det slo ut i forhold til oljepolitikken og politikken spesielt. Ho peikar på at statistikk er ein viktig måte å kontrollere om dei folkevalde gjer jobben sin, til dømes i høve til talet på arbeidslause og mange andre sentrale politiske spørsmål.
EU har snudd
- Tony Blair har hatt som topprioritet å snu utviklinga med kommersialisering av offentleg statistikk og har gjort all statistikk offentleg tilgjengeleg igjen. Blair har imidlertid ingen enkel jobb her, i media blir det stadig fyrt laus mot statistikken. Irak-krigen og andre saker er også med og påverkar biletet i negativ retning og Blair slit tungt med å overtyde velgarane om å stole på det offentlege. Det er typisk for mange demokrati at når staten har låg grad av tillit på eitt felt smittar det snart over på andre felt, seier Sangolt.
Også statistikkbyrået til EU, Eurostat, har slitt med ei korrupsjonsskandale og har fått problem med legitimiteten. Innanfor EU er ein svært oppteken av det ”demokratiske underskotet” og har dreid tilbake frå kommersialisering til å gjere ”eurostatistikken” tilgjengeleg. Dette er heilt klart eit grep for å auke tilliten til Eurostat særskilt og EU-systemet generelt, seier Sangolt.
I Noreg driv også staten med ei medviten kommersialisering av offentleg statistikk. Hjå Statistisk Sentralbyrå (SSB) skal ein del av inntektene komme frå ekstern finansiert verksemd. Ifølge Sangolt har dette likevel ikkje gått på bekostning av tilliten.
Sosialøkonomane styrte
- Statistikk er moderne politikarar sitt mest nytta styringsreiskap. I motsetnad til annan ekspertinfomasjon blir det ofte sett på som objektivt, og såleis meir demokratisk og mindre verdiladd enn mykje annan kunnskap. Det verkar også som tal har ein psykologisk effekt på oss og blir sett på som ”sant” og ”vitskapleg”, seier Sangolt. Ho meiner det er viktig å diskutere kva type kunnskap og kven som styrer politiske avgjerder.
- Veldig mykje av det vi kallar demokratiet vårt er spesialiststyre. Etterkrigsnoreg var for ein stor grad styrt av sosialøkonomane – og Arbeiderpartiet har fått lite kritikk for det. Mange vil trekke på skuldrene og seie at det kom mykje godt ut av det. Vi fekk ei velferdauke på målbare ting, som til dømes skular og annan infrastruktur. Den manglande kritikken kan også skuldast at borgarane har hatt ein høg grad av tillit til at dei avgjerdene politikarane tok var gode. I dag er likevel tilhøvet mellom ekspertar, dei såkalla grå eminensene, og dei styrande truleg meir samanvevd enn nokon gong. Vi ser nyliberalistiske trekk – der eksperten kostar. Gjennom vår forsking prøver vi å få fram tilhøvet mellom kunnskap og politikk, seier Sangolt.
Altrusimen ikkje død
I Noreg oppgjev 68 prosent av befolkningen at dei har tiltru til at Statistisk Sentralbyrå ikkje er politisk involvert. Dei fleste norske forvaltningsorgan nyt også høg grad av tillit i forhold til andre demokrati, som til dømes England.
- Men tilliten til demokratiet i Norge kan også verke sløvande, og ein sann demokrat stiller alltid spørsmål, seier Sangolt.
Forskarane veit samla sett lite om kva type informasjon og kunnskap som verkar på folk sine politiske val, men det er eit grunnpremiss i demokratisk teori at kunnskap betyr noko.
- Om vi stemmer på Jens Stoltenberg er det lite truleg at vi gjer det fordi han er sosialøkonom, vi stemmer fortrinnsvis på den vi trur kan ta dei rette avgjerdene. Ei stemme til Jens er difor eit val samansett av ei rekke faktorar.
Forsking som er gjort i USA viser også at stikk i strid med kva ein gjerne skulle tru stemmer folk ut frå ein viss altruisme.
- Dersom arbeidsløysestatistikken peikar oppover er det ein klår tendens til at folk stemmer på parti dei trur kan betre situasjonen, sjølv om dei ikkje sjølv er arbeidslause, avsluttar Linda Sangolt.