Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dårleg avklart ansvarfordeling stikk kjeppar i hjula for effektiv kriseberedskap og krisehandtering. Det meiner forskarar som har gått det norske systemet nærare etter i saumane.
Nordmenn har generelt høg tillit til myndigheitene sin kapasitet til å handtere kriser og ulukker. Den høge tilliten kan ha samanheng med at nordmenn, som skandinavar flest, jamnt over er statsvennlege. – Vi trur at myndigheitene vil oss det beste og stolar på at dei handterer kriser og ulukker på best mogleg måte. Dette tillitsforholdet er ein fordel for myndigheitene. Det blir sjeldan stilt spørsmål ved deira legitimitet, seier professor Anne Lise Fimreite ved Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap. Sterk tru på eigen kapasitet – Noreg er eit land med sterke tillitsrelasjonar, og det er normalt sett ein stor fordel i krisesituasjonar. Det kan likevel bikke over. Ulukka på Vest Tank i Sløvåg er eit godt døme på at det har sin pris å stole blindt på mekanismane. Her hadde selskapet sjølv eit ansvar for internkontrollar, og det var ein sterk tillit til at det vart følgt opp, seier han. Artikkelen held fram under biletet. Oljeutsleppa etter Server-forliset var betydelege. (Illustrasjonsfoto: colourbox.com) Kritikk i ettertid Sløvåg-ulukka er ifølge redaktørane kroneksempelet på korleis det meste kan skjere seg i handteringa av kriser. Årsakene til at det gjekk så gale er mange. – Ulukker og kriser, slik som eksplosjonen i Sløvåg, kan omfatte saksområde på tvers av forvaltingsnivå og departement. Her var mellom anna helsemyndigheiter, Fylkesmannen, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og kommunen naturlege partar i krisehandteringa. Slike kriser utfordrar både det kommunale sjølvstyret og ministerstyret, seier Lægreid. Uklare ansvarsrelasjonar er eit kjernespørsmål innan kriseberedskap og krisehandtering. Ifølge Lægreid kan det også sjå ut til å vere eit uløyseleg problem. Når ulukka først er ute, roper alle på sterkare styring og kontroll. I rolege tider står det lokale sjølvstyret og nærleiksprinsippet sterkt. Det er store behov for handlingsrom lokalt, samstundes som det er eit behov for sterkare sentral styring. – Det samtidige kravet om sentralisering og desentralisering av kriseberedskap og krisehandtering er eit dilemma, seier Lægreid. Få berørte, lite merksemd – Den merksemda ei krise får, har i høgste grad med den mengda menneske som blir berørte å gjere, seier Anne Lise Fimreite. I Gulen kommune bur 2500 menneske, på Fedje om lag 600. I kor stor grad ei krise får merksemd er også eit spørsmål om definisjonsmakt, ifølge Fimreite. Alle kriser er ikkje like opplagte. – Det kan ta tid før ein forstår omfanget og noko blir definert som ei krise. Dette gjeld til dømes utbrot av nye og ukjente sjukdomar. Utbrotet av kugalskap nokre år tilbake er eit godt døme på dette. Men også ulukka i Sløvåg hadde element av dette. Ingen døde i eksplosjonen, og helseplagane innbyggjarane i området fekk i ettertid var diffuse og vanskelege å handtere. Det blir ein kamp om korleis ein skal definere og handtere det som har skjedd, seier Lise H. Rykkja. – Kan og bør øve på kriser – Det er vanskeleg å love eller sette av pengar til kriseberedskap i ein pressa politisk kvardag. Politikarane tenkjer kortsiktig heller enn langsiktig. Når ulukka først er ute, skal det ikkje stå på pengane, men før det skjer noko, er det vanskeleg, seier ho. Læringsportensialet er nok ei utfordring for krisehandteringa. Mykje av det ein har lært, går ut på å forhindre at noko liknande kan hende igjen, men sjølve kjenneteiknet ved kriser er at dei er uventa og uforutsigbare. Redaktørane bak boka framhevar i staden kriseøvingar som eit felt der ressursar kan kome godt med. – Kriser er noko offentleg sektor kan og bør øve på, seier Rykkja. samfunnssikkerhet og krisehåndtering”. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)
Men redaktørane bak den nyleg utgjevne boka ”Organisering, samfunnssikkerhet og krisehåndtering”, Anne Lise Fimreite, stipendiat Peter Lango, professor Per Lægreid ved Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap og forskar II Lise H. Rykkja ved Uni Rokkansenteret, peikar også på ei anna forklaring. Noreg har vore velsigna med få store ulukker, dermed har befolkninga lite kjennskap til og erfaring med saker der krisehandteringa har svikta heilt. Kanskje er det også difor myndigheitene sjølve ser ut til å ha ei sterk tru på eigen kapasitet når det gjeld kriseberedskap og krisehandtering, ifølge Per Lægreid.
24. mai 2007 eksploderte ein av tankane i Vest Tank (no Alexela) sitt anlegg i Sløvåg i Gulen. Det oppstod også lekkasje frå ein av dei andre tankane, og innhaldet rant ut og brann opp. Tankane var fylte med restar etter ”vasking” av koksbensin, og fleire av innbyggjarane i Sløvåg-området rapporterte om helseplager i lang tid etter ulukka. I ettertid har myndigheitene fått sterk kritikk for handteringa av ulukka.
Etter ulukka i Sløvåg vart det stilt spørsmål ved sentrale myndigheiter si reaksjonstid. Det tok fleire dagar før statsråd Erik Solheim dukka opp i Gulen. I ettertid har det også vorte innrømma at statsråden hadde vore raskare på plass dersom ulukka hadde skjedd i ein meir sentral del av landet. Også Server-forliset ved Fedje i 2007 fekk mindre merksemd enn ulukka i Hvaler i februar 2011, der skipet Godafoss gjekk på grunn, ifølge forskarane. Både Server-forliset og Sløvåg-ulukka illustrerer kor viktig sentrum-perifiri-aksen er.
I stor grad er kriseberedskap og krisehandtering eit ressursspørsmål. Kriseberedskap er eit område det er vanskeleg å få midlar til. Ifølge Anne Lise Fimreite står det meir på politisk kapasitet enn politisk vilje.