Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det er haustidyll i Nygårdsparken etter stenginga, men rom-folk har inntatt enden av Johannes Bruns gate, og bruker grøntområde som latrine.
Haustsola rår no aleine på Flagghaugen i Nygårdsparken, der rusmisbrukarar og selgarar har regjert i tiår. Men det er framleis ein del narkomane på andre delar av Nygårdshøyden.
– Det er framleis mange narkomane i området, dei bruker Høyden som vegnett mellom aust og vest. Vi plukkar framleis ein del sprøyter, men det er langt mindre enn før. Dei narkomane er no meir i mindre grupper, men dei held seg delvis i dei same områda, mellom Realfagbygget og juss, fortel Tore Reigstad, som er brann- og sikkerheitsingeniør ved Eigedomsavdelinga til UiB.
Normalt vekternivå
For universitetet har situasjonen blitt mykje betre etter at øvre del av Nygårdsparken blei stengt for tre veker sia.
– For oss er det veldig behageleg, seier Reigstad.
UiB er no tilbake til det normale vektarnivået, og desse held god kontakt med politiet.
– Vi kjem ikkje til å gjere andre endringar i bemanninga. Vi har mange tekniske alarmar for å passe på bygga våre, men det blir spennande å etter kvart sjå om stenginga av parken har nokon innverknad på innbrotsstatistikken, fortel sikkerheitsingeniøren.
Talet på innbrot kan framleis gå opp, for dei plar å stige fram mot jul.
Rom i rododendron
Men alt er likevel ikkje idyll på Nygårdshøyden, og i buskene lurer det uønskte gjenstandar.
Nokre rom-folk har funnet ut at den søraustre enden av Johannes Bruns gate er ein brukbar stad å overnatte i bil, og buskene ikring gjer teneste som toalett. Dette gjeld særleg grøntarealet opp mot Allégaten 66.
– Det står ofte parkert nokre små varebilar der. Vi blei merksame på det for halvannen månad sia. Men elles er det berre velstand.