Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På avstand ser det nesten ut som eit slott. Det store museumsbygget på Nygårdshøyden kom opp i 1865. Arkitekt var Johan Henrik Nebelong. Sidefløyane kom nokre år seinare, i 1898. Dei var det Hans Jakob Sparre som stod bak.
Det store bygget vart kalla dyremuseet, for det var utstoppa dyr det var mest av på innsida. Det rette namnet er no Universitetsmuseet, og på innsida finn ein dei naturhistoriske samlingane.
I 2002 kom ei undersøking frå Riksrevisjonen; «Riksrevisjonens undersøkelse av bevaringen og sikringen av samlingene ved fem statlige museer». Den viste at fleire statlege museum, mellom anna Universitetsmuseet, som den gong heitte Bergen museum, hadde samlingar som ikkje vart tekne vare på på den måten dei burde. I 2008 kom ein ny rapport. Der heiter det at forholda har betra seg, men det er likevel eit «men».
«Undersøkelsen viser at forholdene ved de naturhistoriske samlingene – Naturhistorisk museum i Oslo og De naturhistoriske samlingene ved Bergen Museum – på en del områder er verre enn ved de andre museene. Ved siden av generelt dårlige klimaforhold og plassmangel i mange av enhetene er det også en del andre forhold som er lite gunstige. Dette gjelder bruk av loftsrom, garasjer og andre uisolerte enheter til magasinering, oppbevaring av materiale i gjennomgangsrom og bruk av uegnede pakkematerialer. I flere enheter går det vannførende rør som er vanskelige å sikre. Det er behov for omfattende tiltak for å oppnå en akseptabel standard. Også bygningene har et stort behov for vedlikehold og oppgradering», står det i rapporten.
Sigmund Grønmo var rektor då rapporten frå riksrevisjonen kom. Han fekk ein ide som seinare har vist seg å vera temmeleg smart: Kva om ein pussar opp museet i to omgangar? Først får ein på plass ein aula i sørfløyen, så tek ein midtfløyen og nordfløyen som eit eige prosjekt?
— Me måtte tenkja nytt og større, sa Grønmo til På Høyden då aulaen opna hausten 2015.
— Me tok på alvor det som kom, både frå Riksrevisjonen og Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité. Me prøvde på alle moglege måtar å få pengar, men det viste seg å vera vanskeleg. Og ei rehabilitering var umogleg for universitetet å gjera utan ei særskilt løyving, utdjupar han no.
Difor kom ideen om ein måtte finna ein annan måte å få pengar på.
— Me knytta det til historia til Wilhelm Frimann Koren Christie, som var museet sin grunnleggar, seier Grønmo.
Same Christie var eidsvollsmann, og lenge var målet å få aulaen ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Det lukkast som kjent ikkje, aulaen var ferdig året etter.
Etter år med lobbyering kom det pengar til aula i revidert nasjonalbudsjett i 2013.
Sigmund Grønmo
— Først tenkte eg museumsprosjektet som eitt prosjekt, men det vart tydeleg at det var meir formålstenleg å dela det i to etappar. Men det var aldri aktuelt å stoppa med aulaen, seier Grønmo.
Han understrekar at dette var eit prosjekt mange jobba for, både ved UiB og i samfunnet omkring universitetet.
— Sjølve ideen om ein aula skapte oppslutnad, seier Grønmo.
— Korleis synest du aulaen har vorte?
— Endå betre enn eg hadde trudd. Det er ein staseleg sal for universitetet sine arrangement, både faglege og meir høgtidelege seremoniar, men det er kjekt å høyra kor nøgde andre òg er med salen, og kor god akustikken er.
Same året stengde dei naturhistoriske samlingane for publikum. Men det var ikkje før hausten 2015 at budsjettlekkasjen kom: Det vart sett av pengar til resten av museumsbygningen i statsbudsjettet for 2016.
Grønmo er invitert til opninga, og gler seg veldig.
— Korleis trur du det har vorte?
— Eg trur det vert storslagent. Dette vil bety ei sterk opprusting og oppgradering. Saman med aulaen og den rehabiliterte tårnsalen kan museet i endå større grad verta UiB sitt vindauge mot verda.
Det er slett ikkje berre i Bergen at det er eit museum som er knytt til byens universitet.
— Eit museum er ein sentral del av mange universitet, og det gir moglegheit til å både forska og formidla. Men i Bergen er det litt spesielt, her er museet sjølve fundamentet for universitetet, seier Grønmo.
Bergen museum vart etablert i 1825. Så kom altså den første bygningen i 1865. UiB vart ikkje etablert før i 1946, men då hadde det lenge vore tilsett professorar ved museet.
9200 kvadratmeter og over 700 millionar kroner. Det er dei tørre tala for Statsbygg sitt prosjekt ved Universitetsmuseet i Bergen. Sigmund Grønmo seier at sjølv om det tok tid å få dei avgjerande løyvingane, så tvila han aldri på at det kom til å verta ei oppgradering. Han skryt av dåverande statsråd Tora Aasland som gav den første løyvinga. Det var til ytre vedlikehald, men Grønmo meiner det var eit viktig signal.
Sigmund Grønmo
Men det er eitt bygg att. Historisk museum, den store okergule bygningen eit lite steinkast unna, treng òg oppgradering. Bygget er teikna av Egill Reimers, og stod ferdig i 1927.
— Å rehabilitera Historisk museum er i tråd med det som har vore tenkt frå UiB si side. Eg vil appellera til alle gode krefter om å jobba saman om å få løyvingar til Historisk museum i åra som kjem, seier Grønmo.
Måndag er dagen her, og i biletserien kan du sjå korleis museet har vore – og korleis det no skal verta. Under finn du lenkjer til ei rekkje av sakene På Høyden har skrive om museet dei siste åra.
Les desse sakene:
Sjå korleis den offentlege kunsten i bygget vil verta
På skattejakt i eit tomt museum
Med kvalskjelett gjennom Bergens gater
Sjå sak frå den store tilbakeføringa