Naturhistorisk vegbok snart ferdigstilt

Publisert

- Det fins fantastiske naturfenomen rett bak næraste haug. Litt av filosofien er å vise det ualminnelege i det alminnelege, seier William Helland-Hansen, hovudredaktør for Naturhistorisk vegbok.

Kulturhistorisk vegbok for Hordaland kom ut i 1993, til hausten kjem altså tvillingen Naturhistorisk vegbok. William Helland-Hansen ved Institutt for geovitenskaper, UiB er hovudredaktør og Bergen Museum er vertskap for prosjektet.

- Vi vil fortelje historia om den naturen vi har i dag. Og korleis den har blitt som den har blitt gjennom dei siste 1,7 milliardar år. Motivasjonen bak boka er interessa- og lidenskapen for naturen. Heilt enkelt lysta til å lære om vestlandsnaturen, seier den entusiastiske redaktør Helland-Hansen som har jobba med boka i seks år.

Boka er bygd opp på same måte som i Kulturhistorisk vegbok, der ein siler stoffet gjennom stadene. I første delen av Naturhistorisk vegbok vil ein finne fordjupningsstoff om sentrale emner i vestlandsnaturen, medan hovuddelen er rutedelen der ein følgjer stiane og vegane frå kommune til kommune. Mange fagmiljø har komme med bidrag til boka, mellom anna botanikk, zoologi, berggrunnsgeologi, kvartærgeologi og meteorologi.

Basert på Ormen Lange-grafikk

Forleggar Svein Nord, i forlaget Nord4, og Helland-Hansen jobbar no intenst med å sluttføre boka som skal i trykken rett over sommaren. Boka kjem i handelen i slutten av oktober. I tillegg til å vere eit bokverk med mellom 1500 og 2000 bilete og populærvitskaplege tekstar skal også innhaldet i boka formidlast virtuelt. Arena for dette blir Bergen Museum. Ved muséet kan ein til hausten ta på pilotbrillene og fly rundt i virtuell hordalandsnatur i ein hypermoderne interaktiv installasjon.

. Gjennom ei virtuell reise kan ein der lære om bergartar, istidsavsetjingar, fauna og flora. Den interaktive grafikken som skal nyttast har mellom anna vore brukt av Hydro i utbygginga av Ormen Lange-feltet. Det er Hydro som gjev installasjonen, som er verdt mange hundre tusen kroner,i gåve.

- Vi trur at den virtuelle delen av prosjektet vil engasjere ungdom, seier Helland-Hansen.


Inspirert av Disney

På Høyden var med på Hydros demonstrasjon av det som altså skal bli ein kjempeattraksjon ved Bergen Museum. Med 3D-briller á la Blues Brothers og joystick kan ein flyge avgarde frå stad til stad. På testen på Hydro var det spanske fjellkjeder som vart vitja, men desse skal byttast ut med fjell, fjorder og grender i Hordaland. Med høgkvalitet lyd og bilete skal det skapast ein illusjon av at ein sjølv reiser.

- Vi tenker oss at Flesland skal vere startpunktet, så kan ein enten legge opp ei fast reiserute, eller bestemme seg undervegs, seier Jens Grimsgaard som er prosjektleiar for visualisering på Hydro – og har ansvaret for gjennomføringa av VR-delen av Naturhistorisk vegbok. Grimsgaard meinte Bergen Museum er ein glimrande stad å ha ein slik visuliseringsinstallasjon. Han meinte ein må ha auge for korleis ein har gjort det andre stader for å skape sterke opplevingar, og nevnte opplevelsesesenteret til Disney som døme.


- Passar også for 40-åringar

Det er ei gruppe studentar i den såkalla VR-landsbyen ved NTNU som skal lage VR-applikasjonen over Hordaland. Den skal byggjast på digital terrengmodell og satelittbilete, men også i nokon grad flyfoto. VR-installasjonen skal ha robuste tekniske løysingar og ha stereovisning med god kvalitet. Meininga er at ”alle” skal klare å bruke det ”til og med ein 40-åring”, vart det sagt på møtet på Hydro.

- VR-teknologi er brukt mykje i forsking og av bilindustrien, men det er nokså nytt å bruke det i formidlingssamanheng, seier seksjonssjef ved Publikumsavdelinga, Bergen Museum, Morten Steffensen. Han er svært glad for gåva frå Hydro.

- Vi har hundreårsjubileum i 2005. Gjennom desse hundre åra har vi utvikla natur- og naturressursar. Vi er opptatt av norske naturvitskaplege interesser og ønsker å styrke rekrutteringa til realfag. Vonaleg vil dette vere eit bidrag til dette, seier informasjonssjef i Hydro, Gisle Johanson.


Bestseljar

Hordaland Fylkeskommune har også spela ei viktig rolle i å få til etterfølgaren til Kulturhistorisk vegbok. Helland Hansen hadde ideen til boka og gjekk til tidlegare fylkeskonservator Nils Georg Brekke ved Hordaland Fylkeskommune. Brekke var svært glad for initiativet.

- Vi hadde kulturhistorisk vegbok. Naturhistorisk vegbok er det etterlengta supplementet som forener det naturvitskaplege med det humanistiske og menneskeskapte, seier Brekke var sentral i arbeidet med Kulturhistorisk vegbok, som vart ein kjempesuksess og har selt i 35000 eksemplar.

Powered by Labrador CMS