Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Også doktorgradskandidatar kan søke om dagpengar når inntekta fell bort.
Fram til no har det ikkje vore mogleg for arbeidssøkjarar som skriv doktoravhandling på fritida å få dagpengar. NAV har heller ikkje gått med på å vudere dei enkelte søknadane individuelt. Dette har særleg ramma dei som ikkje vert ferdige på normert tid, og som står utan inntekt når stipendiatperioden går ut. No vil praksisen bli endra. Hovudregelen om at ein må være reell arbeidssøkar og ikkje under utdanning står fast. I eit brev til Forskarforbundet skriv Arbeids- og velferdsdirektoratet at dei no vil endre praksis og innføre individuell behandling av søknadane. –Vil ikkje nave Måtte forske ulovleg Direktoratet skriv at det kan vere tilfelle der det er naturleg å vurdere det avsluttande arbeidet med avhandlinga som «arbeid» enn som avslutting av ei lengre utdanning. Den tida som då blir brukt kan førast på meldekortet. Det kan også vere tilfelle der det ein bruker så lite tid på avhandlinga at det kan reknast som ein rein fritidsaktivitet. Vidare står det i forskrifta at ein kan få dagpengar når utdanninga skjer utanom normal arbeidstid og ein kan vere i fullt arbeid på dagtid. Studieprogresjonen må være redusert med minst 50 prosent. – Fleire fullførte doktorgrader
– Det er fantastisk at NAV endeleg skal slutte å ha så strikse reglar på dette. Slik eg ser det ynskjer ikkje doktorgradskandidatar å nave. Mange har familiar å forsørge, dei eig gjerne bustader og ynskjer å komme seg ut i ein jobb, seier Ann-Kristin Molde, doktogradskandidat og tidlegare leiar for STIP-HF, ph.d.-kandidatutvalget ved Det humanistiske fakultet til På Høyden. No arbeider Ann-Kristin Molde som universitetslektor på UiB. Ho arbeider også som høgskulelektor på Høgskulen i Volda.
– Slik det har vore har doktorgradskandiatane havna i ein uløyseleg situasjon. Då stilte NAV som krav at dersom du skulle få dagpengar kunne du ikkje røre avhandlinga. Ikkje eingong på fritida. Dette er absurd, ettersom ingen ikkje kan forvente at ein skal være arbeidssøkar 24 timar i døgnet.
– Doktorgradskandidatar har hatt strengare forhold enn andre. Ein har ikkje studentstatus hos Lånekassa, og har ikkje like rettar som andre arbeidssøkande. Med denne endringa blir det faktisk lettare å få fullført avhandlingane. Dette dekker eit hol i systemet, seier Ann-Kristin Molde til På Høyden.