Universitetet i Aarhus kuttar personalkostnader. Det betyr færre stillingar. Foto: Lars Kruse/AU Kommunikasjonsavdeling

Nedbemanning ved Universitetet i Aarhus

Det største universitetet i Danmark skal spare pengar. Det betyr at 94 vitskapleg tilsette og 214 teknisk-administrativt tilsette mistar jobben.

Høgare utgifter og lågare inntekter er i følgje Aarhus Universitet bakgrunnen for at leiinga valte å starte ein omfattande kuttrunde.

Det er ei minke i løyvingane til universitetssektoren som ifølge leiinga er årsaken til sparekravet. Institusjonen har gått med store underskot dei siste åra. Innan år 2016 skal universitetet ha gjort innsparingar på i alt 250 millionar norske kroner.

Rektor: – Dette kan ikkje halde fram
Før jul blei dei tilsette informerte om at innsparingane også ville føre til at kutt i talet på stillingar ved universitetet.

– Den økonomiske situasjonen er meir alvorleg enn forventa, og vi må difor gjennomføre innsparingar i dei komande åra. Utgiftene har auka meir enn inntektene, og det kan ikkje halde fram, sa rektor Brian Bech Nielsen under eit allmøte før jul, melder Jyllandsposten.

Lunken oppslutning om frivilleg avgang
Eit anslag gjort av danske Forskerforum viser at 162 tilsette går etter frivillig avtale, mens om lag 196 tilsette vert oppsagte. Av desse er 214 tilsette i teknisk-administrative stillingar, mens 94 arbeider i vitskaplege stillingar. Planen er at alle serviceytingar ved universitetet skal bli meir effektive.

Universitetet i Aarhus er det største i Danmark. Institusjonen har 40 000 studentar og 11 000 tilsette.

Powered by Labrador CMS