Nedbøren siste 14.000 år

Publisert

For å kunne skilje menneskeskapte klimaendringar frå dei naturlege, må vi vite meir om fortidas klima. Heldigvis er Noreg velsigna med mange fjellvatn og isbrear, som forenklar dette arbeidet.

Pålitelege instrumentelle vær- og klimadata går i Noreg tilbake til kring 1860. Skal ein rekonstruere klimaet lenger tilbake i tid, må ein bruke data som indirekte fortel korleis klimaet var i periodar utan instrumentelle målingar. Det strategiske universitetsprogrammet NORPEC (Norwegian palaeoenvironments and climate as reconstructed from lake sediments) vart avslutta ved årsskiftet, etter fem års aktivitet. Programmet har prøvd å kartleggje klimaendringar i Noreg dei siste 14.000 år, eller frå siste del av istida og fram til i dag.

– Det viktigaste vi har oppnådd, er å lære biologar og geologar å samarbeide og å snakke det same språket, meiner prosjektleiar og professor i botanikk, John Birks.

Rekonstruerer nedbøren

16. februar vart Kyoto-avtalen gjeldande. Avtalen er ratifisert av 140 land, medan store aktørar som USA, Australia og Kina har nekta å vere med, og til dels har prøvd å mistenkjeleggjere det vitskaplege grunnlaget for avtalen. At klimaet endrar seg, er få i tvil om, men kor mykje av dette kan seiast å vere menneskeskapt? Sidan framtidige klimaprognosar for det meste baserer seg på modellering, er det viktig å fòre klimamodellane med mest mogleg korrekte opplysingar om fortidas klima. Dette har vore noko av siktemålet med NORPEC.

Ved å kombinere metodar frå botanikk, zoologi og geofag, har forskarane kunna rekonstruere både sommartemperatur og vinternedbør. Det er første gong ein har greidd å få eit bilete av endringane i vinternedbøren i Noreg heilt tilbake til slutten av siste istid.

– Hovudfunnet er at vinternedbøren har endra seg enormt, mykje meir enn vi tidlegare trudde. Det har vore fleire periodar der vinternedbøren har vore om lag dobbelt så høg som i andre periodar, og det ser ut til at vi er inne i ein slik våt periode no. Men det har også vore periodar der isbreane smelta heilt vekk som eit resultat av fleire år med høg sommartemperatur og lite vinternedbør. I perioden 7500-6000 år sidan, var Jostedalsbreen borte, seier professor i kvartærgeologi, Atle Nesje.


Naturleg laboratorium

Noreg sin geografiske posisjon, varierte natur og omskiftelege klima gjer forskarane i stand til å fange opp tidlegare endringar i nedbørsbanene i Nord-Europa, og posisjonen til den arktiske polarfronten. Landet er dermed eit stort naturleg laboratorium. Dei har studert både isbrear og sedimentkjernar frå innsjøar i dette arbeidet. Innsjøsediment kan nyttast til å rekonstruere både brevariasjonar, skred, flaum og temperaturendringar. I Noreg finst det vatn og innsjøar i nær sagt alle tenkjelege område, som gjer at forskarane har kunna plukke ut ideelle lokalitetar for det dei ønskjer å studere.

– Du kan finne vatn som ligg nedanfor ein isbre eller som ligg utsett til for jord- eller snøskred, men også vatn som ligg høgt og fritt, og frå desse vil du få ulik type informasjon, fortel Nesje.

Saman med kollegaer har han funne teikn på mange ekstreme vêrhendingar og brå endringar i fortida sitt naturmiljø, som flaumar, snø- eller jordskred.

– Det ser ut til at slike hendingar auka i frekvens etter om lag 4000-5000 år før vår tid, på grunn av eit våtare, kjølegare og meir ustabilt klima, seier han.

Slike data kan ikkje brukast direkte til å seie noko om faren for liknande hendingar i framtida. Til det er dei for tilfeldige.

– Statistisk kan ein aldri spå slike hendingar. Men om ein kan vise at dei kjem oftare under visse vêr- og klimatilhøve, og vise at desse tilhøva vil kome i framtida, kan ein gjere statistiske prediksjonar, seier Birks.


Store skilnader mellom sør og nord

Elles viser resultata at skilnaden i temperaturutviklinga om sommaren har vore stor mellom nord og sør i landet etter siste istid. Vestlandet hadde sin varmaste periode for litt mindre enn 8000 år sidan. I Nord-Noreg kom varmen 1500 år seinare.

– Då var sommartemperaturen i snitt to grader varmare enn i dag. Truleg var alle isbreane borte, tregrensa låg 300-400 meter høgare, og det vaks furu på store delar av Hardangervidda, fortel Nesje.

– Det skuldast at jorda var nærare sola om sommaren. I dag, derimot, er jorda nærast sola om vinteren. Sommarinnstrålinga på våre breiddegrader var derfor 8-10 prosent større enn i dag dei første tusen åra etter siste istid. I klimadebatten som går føre seg for tida, er det nokre som hevdar at sidan temperaturen i fortida var høgare enn i notida, er det ikkje grunn til å ta drivhuseffekten eller menneskeskapte klimaendringar på alvor. Då er det viktig å ha klart føre seg at dei høge sommartemperaturane for 8000-6000 år sidan kan forklarast med jorda si bane i høve til sola, medan ein del av den globale temperaturauken ein har opplevd i siste halvdel av 1900-talet og fram til i dag, mest truleg kan knytast til auka innhald av klimagassar i atmosfæren.

Neste steg blir å bruke datamengda frå prosjektet til å teste kor godt klimamodellane rekonstruerer klimaet i fortida, i samarbeid med klimamodellørar. Det vil truleg vere med på å forbetre modellane sine evner til å simulere klimaet i framtida.

Powered by Labrador CMS