NEON-lys på organisasjonsforsking

Publisert

Ifølgje tilstandsrapportar frå i fjor var norsk organisasjonsforsking prega av fragmentert synsing. Forskarane svara med å danne NEON – Nettverk for organisasjonsforskning i Norge.

Torsdag 28. oktober vart NEON-dagen, eit ope årsmøte for NEON-nettverket, avvikla i Bergen. Føremålet med NEON er mellom anna å utvikle møteplassar og utveksle resultat mellom organisasjonsforskarar. Difor var ein del av dagen sett av til å presentere kva som går føre seg av organisasjonsforsking innanfor ulike geografiske område i landet.

– Styret i the European Group for Organizational Studies avgjorde i fjor å legge neste EGOS-konferanse til Bergen i 2006. Organisasjon og leiing er eit omfattande fagfelt internasjonalt, men dei norske fagmiljøa har vore prega av lite samhandling, sa forskingsleiar Haldor Byrkjeflot ved Rokkansenteret.

Han meinte det store talet på deltakarar viste at det er stort behov for nettverket.

Tilfeldig samarbeid

Mange norske organisasjonsforskarar oppgjev at dei har betre kontakt med fagmiljø i utlandet enn dei har med norske forskarar, og at det er nokså tilfeldig korleis samarbeid oppstår mellom norske forskarar. Dette var noko av bakgrunnen då NEON vart stifta på Rokkansenteret i november i fjor, som eit forskarinitiert dugnadsprosjekt. No er meir enn 200 personar med i nettverket, av dei rundt 80 PhD-studentar.

– Også her i Bergen er det sterke miljø på organisasjonsforsking både ved NHH og UiB, men det har ikkje vore så mykje samhandling. Det er blitt betre i det siste, mellom anna samarbeider vi om seminar, opplyste Byrkjeflot.

I forlenginga av NEON-dagen vart det også avvikla eit PhD-kurs over tre dagar, som tok for seg statlege reformer, med døme frå helse- og utdanningssektoren. Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap hadde i samarbeid med Sosiologisk institutt ansvar for det faglege innhaldet.

Powered by Labrador CMS