Nett-ordliste berre på bokmål

Publisert

Universitetet i Bergen har kjøpt abonnement på Kunnskapsforlaget sine elektroniske ordbøker, som ikkje tilbyr nynorsk. Dei kjem i april neste år, lovar forlaget.

Tenesta frå Kunnskapsforlaget, www.ordnett.no vart testa ut mellom anna ved Rokkansenteret før kontrakta vart signert, og tilbakemeldingane derifrå var svært gode, ifølgje overingeniør Per O. Bruvold ved kontor for innkjøp.

– Vi såg pris og behov i samanheng og kom fram til at Kunnskapsforlaget hadde det beste tilbodet. I samråd med IT-avdelinga bestemte vi oss for å satse på dette, seier Bruvold.

Han har fått tilbakemeldingar frå nynorskbrukarar ved UiB som ønskjer tilbod om nynorsk ordliste og ikkje berre bokmål og riksmål, som ordnett.no tilbyr i dag. Ifølgje Bruvold er det primært behovet for engelsk-ordbok som gjer at universitetet har kjøpt abonnement på elektronisk ordbok.

– Eg veit ikkje om det finst elektronisk ordbok på nynorsk. Det vil uansett vere eit spørsmål om pris, seier Bruvold, som ikkje ønskjer å opplyse om kva ordnett.no kostar UiB.

Ifølgje Kunnskapsforlaget skal nynorsk ordliste kome på nett i april neste år, som ei tilleggsteneste brukarane må betale ekstra for. Forlaget veit enno ikkje om den vil gå inn i pakken UiB har kjøpt.

Tenesta skal utvidast neste år med teknisk, økonomisk og medisinsk engelsk. Også dette vil vere ordbøker som vil koste ekstra, ifølgje forlaget. På lang sikt vil ordbøker for andre språk, som fransk, tysk og spansk bli tilgjengelege.

Tenesta er førebels open for alle, men frå nyttår må brukarane ha passord for å logge seg inn.

Powered by Labrador CMS