Nettverk ute av drift frå 14-17. juni

Publisert

IT-avdelinga skal snart flytta frå HIB til det gamle BT-bygget i Nygårdsgata. I samband med flyttinga vil sentrale nettverkstenester vera ute av drift frå fredag 14. juni kl. 1600 til måndag 17. juni kl. 0800. Det kan også vera fare for kortare utfall av visse tenester i veke 25.

IT-avdelinga oppmodaralle tilsette og studentar ved UiB til å planleggja ei nettfri helg midt i juni og vonar såleis at ulempene ved nedstenginga ikkje vil bli for store. Ein langsiktig gevinst vil vera at vi i samband med flyttinga oppgraderer ryggradsnettet og fleire lokalnett til 10 gonger den kapasitet netta har idag, heiter det frå IT-avdelinga.

Powered by Labrador CMS