NFR-millionar til forskingsutstyr

Publisert

Forskingsrådet har delt ut 100 millionar kroner til vitskapleg utstyr. UiB er i første omgang ikkje inne med eigne prosjekt, men er samarbeidspartner på eitt. Fleire UiB-miljø er inviterte vidare til andre runde.

400 millionar kroner skal delast ut av Noregs forskingsråd (NFR) gjennom infrastruktursatsinga i år. 10. mai vart det første vedtaket gjort, i kategorien for avansert vitskapleg utstyr. Søknadene som i denne omgang fekk tilsagn er søknader på utstyr under 30 millionar kroner. Søknader over 30 millionar kroner, såkalla storutstyr søknader, blir behandla i ein to-trinns prosess.

Sju søkjarar fekk innvilga søknaden, men ingen av desse har Universitetet i Bergen oppført som søkjarinstitusjon. Fleire UiB-prosjekt har derimot blitt inviterte vidare til andre runde. Eitt av desse er ”Norwegian Marine Robotics Facility – Remotely Operated Vehicle for Deep Marine Research”.

Vil bygge ny djuphavs-ROV
Senter for geobiologi søkte opprinneleg NFR om drøyt 30 millionar kroner for å bygge ein ny djuphavs-ROV. Dette er ein spesialisert, fjernstyrt undervannsfarkost. I dag brukar senteret ein tilpassa industri-ROV i forskinga si. Denne ROV’en vart mellom anna brukt då forskarane oppdaga varme kjelder langs den midtatlantiske ryggen i 2008. Med ein ROV tilpassa forskarane sine behov vil dei få heilt andre moglegheiter.

– Det vil vere ein stor fordel dersom vi får midlar til å utvikle og bygge ein ny ROV. Den vil kunne operere djupare og vere utstyrt med meir vitskapleg utstyr, seier Rolf-Birger Pedersen, leiar ved Senter for geobiologi.

Vidare drøftingar
22 av dei opprinnelege søkjarane har blitt inviterte vidare til andre runde. Av desse kjem fire frå Bergen. I dag er representantar frå UiB-miljøa i møte med NFR for å drøfte prosessen vidare.

– I første omgang vart alle søkjarane evaluerte av eit vurderingspanel som har kome både med positiv omtale og kritiske bemerkningar. I denne andre runden får vi no høve til å svare på det panelet har trekt fram som svakheiter i søknaden. Det heile er ein prosess der NFR ønskjer å forsikre seg om at søknadane er mest mogleg gjennomtenkte, seier Pedersen.

I oktober tek NFR den endelege avgjersla i høve til søkjarane som vart inviterte vidare til andre runde.

UiB inne i samarbeidsprosjekt 
Prosjektet ”A national subcellular imaging platform”, som er ein del av FUGE-plattformen og eit samarbeid mellom UiO, UiB, NTNU, UiS og UiT, fekk innvilga søknaden om midlar til avansert vitskapleg utstyr i den første runden no i mai. Prosjektet har fått ei ramme på 20 500 000 kroner.

– Midlane går til avansert avbildingsutstyr for celler og cellulære prosessar. Det er blant anna confokalmikroskopi som no blir styrka i Oslo-noden. Denne styrkinga kjem imidlertid heile nettverket til gode, seier Frits Alan Thorsen, professor ved Institutt for biomedisin.    

 

NFR-millionar til forskingsutstyr

Fakta/storskala forskingsinfrastruktur

* Fleire søknader om storskala forskingsinfrastruktur med UiB som søkjarinstitusjon eller samarbeidspartner har blitt inviterte til andre runde.

* Prosjekta med UiB som søkjarinstitusjon er: Health Registries for Research, Norwegian Marine Robotics Facility – Remotely Operated Vehicle for Deep Marine Research, ELIXIR.NO – a Norwegian ELIXIR node og Common Language Resources and Technology Infrastructure Norway med UiB og Uni Digital som søkjarinstitusjon.

* Prosjekt der UiB er samarbeidspartner er: Norwegian Participation in the ESFRI-project EATRIS, The European Advanced Translational Research Infrastructure in Medicine, Norwegian Marine Data Centre (NMD), Norwegian Barcode of Life Network (NorBOL), LIA – Language Infrastructure made Accessible, National Historical Population Register for Norway 1800-2020 (HPR) og NOTUR II.

Powered by Labrador CMS