Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) meiner at forskingsfondet ikkje fungerer etter hensikta og vil leggje ned ordninga, ifølge Aftenposten.
Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) meiner at forskingsfondet ikkje fungerer etter hensikta og vil leggje ned ordninga, ifølge Aftenposten. Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta for å sikre ei langsiktig og stabil finansiering av forsking i Noreg. Ankepunktet til NHO er at stadig meir av avkastninga vert øyremerka til ulike formål, mellom anna norsk deltaking i EU sine forskingsprogram. Direktør Svein Oppegaard i NHO meiner at midlar frå fondet i aukande grad har blitt behandla på lik linje med ordinære løyvingar over statsbudsjettet. Kunnskapsdepartementet reknar med at fondsavkastninga vil gå ned med 600 millionar kroner dei neste åra, og regjeringa jobbar med å finne ei løysing på korleis dette kan kompenserast. Statsråd for høgare utdanning og forsking Tora Aasland vil ikkje kommentere dette arbeidet no. – Fondskonstruksjonen er noko av utfordringa, og vi arbeider med saka. Vi må sikre at fundamentet i fondet blir teke vare på: Å forankre langsiktigheit i forskingsfinansieringa, og å ta vare på den grunnleggjande forskinga, seier ho til Aftenposten. Aasland fortel vidare at spørsmålet vil bli teke opp i statsbudsjettet for 2012.