Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Berre 8,5 prosent av dei som søkte Norges forskningsråd om støtte til nye frittståande prosjekt i 2005 fekk tilslag. UiB-forskarar fryktar for framtida til den frie forskinga.
Forskarinitierte frittståande prosjekt er Forskningsrådets hovudverkemiddel for å støtte langsiktig grunnforskning. Men initiativrike forskarar har små sjansar for å få pengar til å gjennomføre prosjekta sine, etter den siste søknadsrunden å dømme. Over 90 prosent av søkarane får negativt svar i posten. På landsbasis for dei ni fagkategoriane under Divisjon for vitenskap fekk 8,5 prosent innvilga søknadene sine for 2005, får På Høyden opplyst frå Forskningsrådet. Dårlegast uttelling hadde dei humanistiske og samfunnsvitskapelege faga, målt etter talet på innvilga søknader. I begge fagområda fekk omlag seks prosent av dei innsendte prosjekta støtte. Dette inkluderer forskarprosjekt, doktorgradsstipend, postdoktorstipend og pengar til konferansar, utanlandsopphald og liknande. Også klinisk medisin, samfunnsmedisin og helseteneste kjem dårleg ut, og ligg under det gjennomsnittlege prosenttalet for innvilga søknader. Det er eit utsagn Gunnar Håland, professor i Sosialantropologi ved UiB, slutter seg til. Håland sendte sin siste søknad til Forskningsrådet i 1968. Forskningsrådet kanaliserer mellom fire og fem milliardar kroner til forsking i året. I kategorien for frittståande prosjekt er det for 2005 budsjettert (november 2004) med cirka 370 millionar kroner fordelt på dei ni faggruppene. 90 millionar av desse kronene skal gå til nye prosjekt.
Forskarar ved UiB, som På Høyden har snakka med, fryktar no for framtida til den frie, forskarinitierte grunnforskinga. Ein av dei er professor i Samanliknande politikk ved UiB, Stein Kuhnle:
– Det finst knapt frie midlar igjen. Dette er resultatet av ein langsiktig trend. Dersom vi framleis ønskjer fri forsking, må noko gjerast.
For relativt nybakt professor i filosofi, Ole Martin Skilleås, er tala lite oppmuntrande. Han har fleire prosjekt på beddingen, men søker ikkje Forskningsrådet.
– Eg ser at sjansen for å kaste bort tid og krefter på søknadsskriving er overveldande, seier han.
Verst for HF og SV
Nålauget for naturvitskap og teknologi var langt vidare, der totalt 53 av 203 søknader vart innvilga. Det vart søkt om 150 millionar kroner, 29 millionar vart fordelt. Også miljø- og utviklingsforskarane fekk brukbar lønn for strevet. Omlag 20 prosent av søknadene vart innvilga.
Fagkomiteen for humanistisk forskning i Forskningsrådet fekk inn 247 søknader om støtte. Det vart til saman gitt 11 stipend og støtte til tre forskarprosjekt. Med andre ord fekk under tre prosent av doktorgradssøknadene og fire prosent av forskarprosjekt-søknadene tilslag.
Frå samfunnsvitskapelege fagmiljø vart det totalt søkt om 173 millionar kroner, fordelt på 215 søknader. Til saman fordelte komiteen 11,8 millionar kroner. Kuhnle har i debattinnlegg i På Høyden og intervju med Dag og Tid påpeikt at summen er omtrent lik den fallskjermen tidlegare direktør i Forskningsrådet, Christian Hambro, fekk då han gjekk av i fjor.
– Det er absurd, demoraliserande og demotiverande, seier Kuhnle.
Søkte sist i 68
Den var på 15 000 kroner for eit ni månader langt prosjekt i Darfur, Sudan. Håland hugsar ikkje søknaden som særleg god, men napp fekk han.
– Søknaden ville aldri hatt ein sjanse i dag. Men i Forskningsrådet var det den gongen medlemmer med dømmekraft til å sjå at det var noko der som kunne gi grunnlag for spennande forsking. Resultata av feltarbeidet har kome i rykk og napp, noko nokså umiddelbart i internasjonale publikasjonar, andre delar har blitt realisert over ein lengre periode heilt opp til i dag. Mitt poeng er at ein på førehand ikkje veit kva slags forsking som vil leie til innsikter av praktisk nytte, seier Håland.
Han er uroa over det han meiner er ein internasjonal trend, der forskningsbevilgningene i stadig større grad vert styrt av det han kallar eit ”tankedrepande målstyringsapparat”.
– Forskinga skjer i rykk og napp, og det blir lite napp viss forskarane heile tida vert utsett for byråkratisk målstyringsstøy. Problemet er at kvantifiseringsfetisjismen fører til at prosjektresultat vert vurdert utifrå kriterier knytta til kvantitet og ikkje til kvalitet, seier Håland.
Treng overordna politikk
Stein Kuhnle meiner dette er alt for lite og oppfordrar no til å auke potten av frie, ubundne midlar radikalt – både innan og på tvers av fagdisiplinane. Slik kan vi få ei langsiktig investering i kunnskaps- og kompetansebygging og innovasjonskraft, meiner han. Og dei unge bør stå langt framme i køa:
– Kven er betre skikka til å bringe fram nye idear og faglege perspektiv enn sterkt fagleg motiverte, energiske unge forskarar mellom 25 og 35 år? Det må ikkje bli slik at vi berre skal rekruttere stipendiatar på tema som dei etablerte i dag er opptekne av og forskar på.
Forskningsrådet eller politiske aktørar må ta inititativet til ein overordna forskingspolitikk, meiner Kuhnle.
– Den må sjå utover dei enkelte departementa og andre såkalla brukarar sine umiddelbare behov for forsking og utgreiing. I mange fagevalueringar er det nettopp påpeikt at norsk forsking i svært stor grad er politisk og administrativt styrt. Dette må vi no ta på alvor. Satsing på senter for framifrå forsking representerer eit nytt og spennande tiltak for grunnforsking, men er i seg sjølv langt frå tilfredsstillande. Dersom vi ikkje kontinuerleg held ei dør open for nye tema, perspektiv, data og metodar, då stivnar vi. Og då sviktar vi universitet sitt samfunnsoppdrag.
LES I MORGON:
Forskningsdirektøren: – Vi har eit problem