Ni med toppskår gjekk ikkje vidare

Publisert

Då Forskingsrådet hadde plukka ut dei 29 finalistane, var det ni av kandidatane med toppkarakterar frå ekspertpanela det ikkje var plass til. Samstundes var det to av dei 29 som ikkje fekk beste karakter.

Det fortel Gro Elisabeth Mæhle Helgesen i Forskingsrådet, som er ansvarleg sakshandsamar for søknadane om å verta Senter for framifrå forsking (SFF).

– Men eg synest tala er litt meiningslause å diskutera. Det er fleire delelement i vurderingane, og karakterane gir ikkje heile biletet. Kandidatane fekk òg ein tekst som var knytta til vurderinga, seier Helgesen.

– Men de nyttar likevel ein talskala?

– Ja, det er eit hjelpemiddel. Det var mange som fekk toppskår. Fagkomiteeane kom med ei tilråing, og dei ser òg på tala når dei set kandidatane opp mot kvarandre.

17 av 29 med toppkarakterar
Musikkterapimiljøet (Gamut) var altså blant dei ni som berre hadde høgste karakter, men som ikkje fekk plass blant dei 29 i finalen. To av dei 29 hadde ikkje berre beste karakter, og divisjonsdirektør i Forskingsrådet, Anders Hanneborg, har tidlegare sagt at ein av dei som fekk SFF-status ikkje hadde toppskår.

– I finalen var det 17 av dei 29 som fekk berre sjuarar på alle delelementa i vurderingen, seier Helgesen.

Det vart oppretta 13 nye SFF.

Brynjulf Stige, som er professor ved Griegakademiet og forskingsleiar for musikkterapi, reagerer kraftig på at Gamut ikkje gjekk vidare til finalen. Han meiner avgjersla viser fordommar og lite kunnskap om musikkterapi på fag. Dekan Gjert Kristoffersen seier til På Høyden at Gamut fekk ei rar og dårleg grunngiving. Sidan Forskingsrådet meinte at søknaden var for tverrfagleg, meiner Kristoffersen at søknaden burde vore vurdert av to fagkomitear.

– I førre SFF-runde hadde me ein stor komité. Før denne runden diskuterte me korleis prosessen kunne verta betre. Me landa på tre komitear i første runde, og så ein komité som skulle sjå på finalistane, seier Helgesen.

Ho seier at det ikkje har vore aktuelt å la ein søknad verta vurdert av fleire komitear.

– Det er grenser for kor omstendeleg prosessen skal vera.

Avviser fordommar
– Forskingsrådet vert skulda for å ha fordommar mot musikkterapi. Kva er din kommentar til det?

– At me har fordommar, vil eg avvisa på det sterkaste. Forskingsrådet har hatt ein lang og grundig prosess for å velja ut nye senter for framifrå forsking. Eg har ikkje lyst til å diskutera enkeltsøknader. Alle søkjarane har fått ei fagleg vurdering. Den fekk dei sjå, og fekk moglegheit til å kommentera henne. Kommentarane følgde søknaden vidare, seier Helgesen.

Til påstanden om at avslaget byggjer på manglande kompetanse, seier Helgesen at dei som sat i fagkomiteane ikkje var spesialistar på eitt bestemt fagområde.

– Dette var personar med brei kompetanse og lang erfaring, òg i vurderingsarbeid.

– Naturleg med diskusjon
Etter siste SFF-tildeling har det vore mange som har meint mykje. Helgesen meiner dette er naturleg.

– Me har vore opne i tilbakemeldingane, så det er ikkje rart at det vert diskusjon. Vurderingane som er gjort er skjønnsmessige. Sjølvsagt er det ein del som vert skuffa når dei ikkje får SFF-status. Ordninga har vorte svært attraktiv, og det er ein heil del pengar involvert, seier ho.

 

Powered by Labrador CMS