Tidenes yngste norske professor i samfunnsøkonomi, Katrine Vellesen Løken, får årets Nils Klim-pris. Foto: Thor Brødreskift

Katrine Vellesen Løken får Nils Klim-prisen

Publisert

UiB-professoren Katrine Vellesen Løken får prisen for si forsking på dei nordiske velferdsstatane.

– Det er veldig kjekt og eg er veldig stolt av det. Eg set stor pris på å få ei slik merksemd, seier Løken til På Høyden. 

Tysdag kom nyheita om kven som får årets Nils Klim-pris. Sidan 2004 har den blitt delt ut til ein ung nordisk forskar under 35 år, som har utmerka seg innan eit eller fleire av felta humaniora, juss, samfunnsvitskap og teknologi.

Katrine Vellesen Løken som blei Noregs yngste kvinnelege økonomiprofessor gjennom tidene i ein alder av 31 år, får prisen. Ho har forska på langsiktige konsekvensar av norsk velferdspolitikk som blei introdusert mellom 1975 og 1995.

Ho har mellom anna funne at velferdsstaten sine reformar har bidrege til at barn i større grad blir skulevinnarar når dei blir eldre. 

Les også: En effektiv professor

Nettverk har vore ei suksessoppskrift

– Tidenes yngste norske professor i økonomi, og no Nils Klim-vinnar. Kva er suksessoppskrifta?

– Det er jo å jobba hardt, men det er lett å seia. Eg trur nettverk har vore ei suksessoppskrift for meg. Det å koma seg ut, snakka om forskinga si, og møta nye folk. Det tar tid å bygga opp slike ting. Eg fekk mykje hjelp av rettleiaren min i starten. Slik sett er det viktig at rettleiar er på. Etter kvart kjem det av seg sjølv, seier Vellesen Løken. 

Prisvinnaren er også ein profilert samfunnsdebattant, med faste kronikkar i Dagens Næringsliv og hyppige bidrag i andre medium.

Les også: Holbergprisen til Onora O’Neill

 Avanserte matematiske modellar

– I si forskning bruker Løken avanserte matematiske modellar for å finna avgjerande forklarings-faktorar og for å visa korleis statleg politikk påverker individuell åtferd, seier leiar av Nils Klim-komitéen, Frans Gregersen i ei pressemelding. 

Han legg til:

– Saman med andre medforfattarar har ho beskrive vanskelege tema på ein måte som i framtida kan endra forskingsfokuset på dette feltet. Hennar forsking har vore utført på tvers av fleire fagområde, og den er relevant for utforming av politikk.  

Ser på effekt av fengsel

Akkurat no heldt Vellesen Løken på med å sjå på dei sosiale kostnadane ved fengselsopphald. Så langt har ho funne ut at det kan svara seg å koma i fengsel, samanlikna med å få samfunnsarbeid eller fengsel på vilkår.

– Dei som kjem i fengsel begår mindre kriminalitet og er meir tilstades i arbeidslivet i opptil fem år etterpå. Det er samanlikna med dei som har begått liknande lovbrot, men som får samfunnsstraff eller fengsel på vilkår i staden.

– Kva kjem dette av? 

– Det er noko med arbeidstreningsprogramma og tiltaka i fengsel som fungerer bra, og det er betre oppfølging der. Det betyr ikkje at fengsel i seg sjølv er bra, det kan like så godt bety at me burde følga opp betre dei som får samfunnsstraff eller fengsel på vilkår i staden. Studien går også i mot eit rådande politisk syn, spesielt i USA, om at rehabilitering i fengsel ikkje fungerer.

Den unge prisvinnaren skal halda fram med å forska på fengsel. 

– Me har mykje midlar som me skal bruka på å studera vidare effektar av fengsel. Me skal blant anna sjå på kva effekt det har på familiemedlemmar og på offer for kriminalitet. 

Utdelinga av Nils Klim-prisen skjer samstundes med utdelinga av Holbergprisen i Universitetsaulaen 08. juni. 

Nils Klim-prisen

  • Nils Klim-prisen delast ut til nordiske forskarar under 35 år, som har gitt framifrå bidrag til forskinga innan humaniora, samfunnsvitskap, teologi og juss, eller tverrfaglege bidrag. 
  • Prisen er no på 300 000 kroner, og blei for første gong delt ut i 2004. 

Dette er dei tidlegare prisvinnarane: 

  • 2016 Sanja Bogojević
  • 2015 Rebecca Adler-Nissen
  • ​2014 Terje Lohndal
  • 2013 Ingvild Almås
  • 2012 Sara Hobolt
  • 2011 Jørn R. T. Jacobsen
  • 2010 Johan Östling
  • 2009 David Bloch
  • 2008 Anne Birgitta Pessi
  • 2007 Carina Keskitalo
  • 2006 Linda Wedlin
  • 2005 Dag Trygve Truslew Haug
  • 2004 Claes de Vreese
Powered by Labrador CMS