Nina Mevold byter beite

Fakultetsdirektør Nina Mevold (45) blir kommunaldirektør på Byrådsavdeling for helse og omsorg til hausten. Dei siste 19 åra har ho hatt ulike jobbar på universitetet.

– Det er ikkje akkurat ei retrettstilling eg går til, fortel Mevold, som blant anna kan sjå tilbake på ei større omorganisering ved Det medisinske-odontologiske fakultetet (Mof) det siste året.

Frå å rå over eit budsjett på 700 millionar kroner går ho opp nokre divisjonar:

– Det er ei svær, kompleks og samansett byrådsavdeling. Ho utgjer ein tredel av kommunebudsjettet, fortel Mevold.

No vil ho ha ansvar for eit budsjett på seks milliardar kroner.

– Vi er glade for å kunne melde at byrådet i dag har tilsett Nina Mevold som kommunaldirektør. Mevold er ein svært dyktig leiar med god erfaring frå å leie kompetente fagfolk innanfor helseområdet, seier byrådsleiar Monica Mæland i ei pressemelding. 

Mevold starta å jobbe for UiB i 1994, då ho kom rett frå eit hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap.

– Mof har nett vore gjennom ei større omorganisering. Er det ikkje uheldig å dra før prosessen er heilt ferdig?

– Ideelt sett burde eg ha vore der eit år til. Men denne stillinga lysast ut veldig sjeldan, og omstillingsprosessen er gjennomført, og heile fakultetet har eigarskap til han, seier Mevold.

– Ser du for deg ein retur til UiB nokon gong?

– Du skal aldri seie aldri. Eg vil alltid ha eit stort hjarte for UiB og Mof. Men relasjonen mellom byrådsavdelinga og UiB er absolutt til stades, seier Mevold.

Powered by Labrador CMS